SPP304 Åtferd og læringsmiljø

Emnekode: 
SPP304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Behaviour and Learning Environment
Emnenavn på bokmål: 
Adferd og læringsmiljø
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I emnet er omgrepa åtferd og læringsmiljø og samanhengen mellom dei hovudsak. Siktemålet er å gi innsyn i korleis desse omgrepa og relasjonane mellom dei kan legge eit grunnlag for inkluderande opplæring i barnehage og skule. Studentane får omfattande kunnskapar om årsaker og tiltak som gjeld vedvarande utfordringar i arbeidet i barnehage og skule; at nokre syner ei åtferd som hemmar eiga utvikling og læring. I mange høve kan slik åtferd også forstyrre eller hindre verksemda i gruppa eller klassen. Læringsmiljø er eit omfattande omgrep, ofte forstått som kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøve i barnehage og skule som er vesentlege for læring, helse og trivsel. Studentane skal tileigne seg innsikt i kva samanhengar det kan vere mellom kvaliteten på læringsmiljøet og ulike åtferdsuttrykk som kjem til syne i ulike situasjonar. Det gjeld særleg korleis legge læringsmiljøet til rette for å skape gode vilkår for læring og utvikling i ein inkluderande kontekst for alle. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten  

  • har avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv om åtferd og læringsmiljø 
  • har grundig kunnskap om relasjonen mellom åtferd og læringsmiljø i barnehage og skule 
  • har inngåande kunnskap om endrings- og implementeringsprosessar knytt til åtferd og læringsmiljø i barnehage og skule 
Ferdigheiter

Kandidaten 

  • kan analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv 
  • kan ta i bruk kunnskap om korleis skape inkluderande læringsmiljø i pedagogisk praksis 
  • kan anvende kunnskap om implementering for å legge til rette for gode endringsprosessar for å betre praksisen i barnehage og skule  
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan leie læringsarbeid gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd i barnehage og skule.
  • kan reflektere kring sambandet mellom barn, unge og vaksne sine ulike åtferdsuttrykk og kvalitetenen på læringsmiljøet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte

  • Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav

  • Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak.  
  • Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema. Presentasjonen skal vere digital. 
  • Ein individuell skriftleg opposisjon på eit munnleg arbeidskrav. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåva skal vere på 4000 ord +/- 10%.
Godkjent av: 
Arne Myklebust