IKF104 Motorisk læring

Emnekode: 
IKF104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Motor learning
Emnenavn på bokmål: 
Motorisk læring
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei grunnleggjande innføring i ulike perspektiv på motorikk og motorisk kompetanse i ein pedagogisk samanheng.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, sjølvberging, livberging, leik, ballspel og alternative aktivitetar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har kunnskap om betydninga av spennings- og risikofylt leik for barn og unge si utvikling og læring 
  • har kunnskap om omgjevnadane si betydning for læring av rørsler
  • har grunnleggjande kunnskap om observasjon av motorikk i ein pedagogisk samanheng
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge 
  • han kunnskap om føresetnader for motorisk læring på bakgrunn av vekst og utvikling 
  • har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
  • har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • har kunnskap om reglar og speleprinsipp i utvalde ballspel/aktivitetar
  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan observere barn og unges motorikk i ein pedagogisk samanheng
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 
  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn
  • kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i utvalde og alternative ballspel/aktivitetar
  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø 
  • kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving og idrett
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom praktisk undervisning, forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø og i sal.  

Ved digital undervisning vert det stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta til innlevering og kommunikasjon. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging

Kurs 3: Leik, ballspel og alternative aktivitetar

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.

Kurs 3: Krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Godkjent arbeidskrav i grupper i kurs 1

  • Godkjente innleveringar i kurs 2 og 3. 

  • Livbergingsprøve.

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Materialavgift

200 kr. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Idrett og kroppsøving - årsstudium
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Motorisk læring
Godkjent av: 
Unni Hagen