Semestre
ENG143N Fonetikk og variantar av engelsk
Ingen
Emnet gir ei teoretisk innføring i engelsk fonetikk og fonologi, med fokus på lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk. Studenten skal bruke teknisk terminologi for å beskrive og analysere engelsk uttale, samt lære å lese og produsere fonemiske transkripsjonar. Emnet utforskar i tillegg ulike samtidige og historiske variantar av engelsk.
Emnet forutset god kompetanse i munnleg engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
- har kunnskap om lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
- har kunnskap om dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
- har kunnskap om strukturar i samanhengande engelsk tale
- har kunnskap om nokre vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
- har kunnskap om engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
- har kunnskap om nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
- har kunnskap om nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Studenten:
- kan identifisere og uttale engelske språklydar
- kan lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
- kan skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
- kan identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
- kan identifisere og analysere strukturar i samanhengande engelsk tale
- kan identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
- kan identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
- kan identifisere nokre variantar av engelsk
- kan identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Studenten:
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte
- kan andvende desse kunnskapane og ferdigheitene på nytt språkmateriale og i nye situasjonar
- kan forstå ulike variantar av skriftleg engelsk (til dømes epost, jobbsøknader og akademiske essay) og korleis dei kan nyttast i ulike situasjonar
Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein til to nettleksjonar i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler; nokre av leksjonane har oppgåver. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere og få godkjent eitt munnleg og to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). Alle dei tre oppgåvene skal leverast digitalt i Canvas (det munnlege arbeidskravet skal leverast som lydfil).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle |