ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Literature, culture and society before 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske hendingar, sosial og kulturell utvkling og litterære tekstar, og gjev studenten ferdigheitene dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Erfaring med å lese lengre litterære tekstar på engelsk vil vere ein fordel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:​

  • har kunnskap om grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
  • har kunnskap om eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
  • har kunnskap om samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
  • har kunnskap om grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
  • har kunnskap om korleis ein skrive gode akademiske tekstar på engelsk
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
  • kan analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse
  • kan analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk, ved hjelp av normerte metoder
  • kan nytte digitale ressursar for auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
  • kan skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere, vurdere og framstille informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
  • kan skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
  • kan diskutere engelsk litteratur, kultur og samfunn på ein måte som syner kunnskap og formuleringsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein nettleksjon i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt diskusjonsforum. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera.

Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:

1. eit kultur- og historiearbeidskrav (1000 ord)

2. eit litteraturessay (1500 ord)

Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist).

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av tre delar: ei 1000-ord kultur- og samfunnsoppgåve (34%); ei kortsvarprøve om litteratur (33%); og eit 1500-ord litteraturessay (33%). Tema for litteraturessayet vert publisert på Canvas ei veke før eksamen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust