REL152 Religion og livssyn II

Emnekode: 
REL152
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Religion and Worldviews II
Emnenavn på bokmål: 
Religion og livssyn II
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. I dette emnet tek vi særleg føre oss heilage tekster frå dei abrahamittiske religionane jødedom, kristendom og islam. Emnet gjev innføring i eit utval tekster frå desse religionane. Vidare tek det føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere. Saman med REL151 Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen  
  • Om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur  
  • Om bruk av heilage skrifter i undervisning  
  • Om kristendommens historie og truslære  
  • Om grunnleggande etiske omgrep og teoriar  
  • Om eit utval av eldre og nyare filosofar  
  • Om religions- og livssynskritikk og vitskap  
Ferdigheiter
  • Kan bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke heilage tekster  
  • Kan drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt  
  • Kan vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert  
  • Kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag  
Generell kompetanse
  • Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk  
  • Har innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv  
  • Kan formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng  
  • Har grunnleggande digital kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt.

Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas. 

Det vert planlagt studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moské, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er krav om minst 75% framøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav til fastsette fristar:  

  •  Ei fagtekst på 1500 ord.
  •  Ei fagtekst på 1500 ord

Tema/oppgåveformulering for dei to tekstene vert gjeve av emneansvarleg. Eitt av dei to arbeidskrava skal etter godkjenning presenterast for medstudentane.  

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Per Halse
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Eitt av arbeidskrava. Fagmiljøet avgjer kva for eit av dei to arbeidskrava som skal leverast til eksamen.
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
1500 ord (+/- 10 %)
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Studenten vel sjølv om eksamen skjer på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Arne Myklebust