MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Emnekode: 
MGL1-7NO2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Norwegian 2B: Language and text perpectives in Norway and Scandinavia
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL1-7NO1B Norsk 1B: Begynnaropplæringa i lesing og skriving
Om emnet

I Norsk 2B er hovudvekta lagt på språk- og tekstvitskap. Dette blir knytt saman med språkhistorie, litteratur og norsk som andrespråk. Kurset tematiserer også nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk og samisk språk og kultur. Studentane vil få tilbod om ein frivillig studietur (prisoverslag ca. 2000kr). Studentar som ikkje deltek på studieturen, må levere eit kompensatorisk arbeidskrav. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei gjennom dette arbeidet skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har kunnskapar om språklege endringsprosessar i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • har litteraturhistorisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om kva som skjer når ein barnelittær tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon) 
  • har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gi tilpassa lese- og skriveopplæring til elevar med norsk som andrespråk
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg ogi utprøving av digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

For dei som vel å skrive FoU-oppgåve med tema frå norsk: FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom norsk og pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FOU-oppgåva.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav

  1. Inntil to munnlege arbeidskrav
  2. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Guro Tafjord
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Denne eksamensforma skal sikre at studentane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (12 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (18 min).
Godkjent av: 
Arne Myklebust