MGL1-7SP1 Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen

Emnekode: 
MGL1-7SP1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Special education practice and research
Emnenavn på bokmål: 
Spesialpedagogikk som fag og forskningsfelt i skolen
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, og utgjer 15 studiepoeng.

Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som ikkje har utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 1.-7. klassetrinn.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha kunnskapar om: 

  • spesialpedagogikk som fagfelt og innhaldet i sentrale omgrep 
  • den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
  • ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
  • kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat med eit særleg blikk på tidleg innsats
  • korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurdere skulen og opplæringa
  • sambandet mellom ordinær opplæring og spesialundervisning
  • gode overgangar mellom barnehage og skule, mellom dei ulike klassestega, og mellom mellomtrinn og ungdomstrinn for elevar med særskilte behov
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på 1.-7. trinn
  • gjere faglege refleksjonar rundt innhald i faglitteratur og forskinsglitteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
  • analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen
  • god forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
  • god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane skal gjennom ei forskingsbasert tilnærming gjennomføre eit feltarbeid i skulen på 1.-7. trinn som vert utgangspunkt for ein prosess fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva). Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

1.  Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning

2.  Gjennomføre eit feltarbeid i skulen og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar, 

3.  Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Anne-Kari Remøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei skriftleg oppgåve basert på feltarbeidet
Ingen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust