MPRO211 Medieproduksjon - Oppdragsproduksjon

Emnekode: 
MPRO211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Media production – corporate media production
Emnenavn på bokmål: 
Medieproduksjon - Oppdragsproduksjon
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MPRO111 Visuell historiefortelling 2 - Video
MPRO112 Fortellerteknikk og dramaturgi
Om emnet

Emnet er praktisk-teoretisk og gir studentane kunnskap om og erfaring med innhaldsproduksjon. Studentane skal produsere videoar i korte format, i tillegg til andre multimediale uttrykk tilpassa digitale kommunikasjonsplattformar. 

Studentane får ein brief, og dei må aktivt bidra til å skape felles forståing for premissane i produksjonen. Studentane skal planleggje innhald ut frå research, og rette innhaldet mot spesifikke målgrupper og plattformar. I emnet er det krav om systematisk arbeid gjennom heile produksjonsprosessen. I emnet legg vi vekt på kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsproduksjon, og evne til å tilpasse bodskapen til ulike digitale kommunikasjonsplattformar. Studentane skal ha eit bevisst forhold til yrkesetikk og diskutere etiske spørsmål knytt til oppdragsproduksjonen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om kva ein brief er i arbeidet med oppdragsproduksjon
  • kunnskap om yrkesetikk i oppdragsproduksjon
  • kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsfilm
  • kunnskap om ulike metodar for å gjere research, målgruppeanalyse og idéutvikling
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne vurdere briefen ut frå målsettinga og behova til målgruppa, og utvikle idéar ut frå denne innsikta
  • kunne gjere nytte av ulike metodar i planlegging av multimedial historieforteljing
  • kunne formidle ein bodskap ut frå kundebehov og målsetting, tilpassa ulike kanalar og målgrupper
  • kunne setje opp eit realistisk budsjett for innhaldsproduksjonen
  • kunne gjere etiske vurderingar i tråd med gjeldande yrkesetikk
Generell kompetanse

Studenten skal

  • vere i stand til å arbeide profesjonelt saman 
  • vere i stand til å ta ulike rollar i ein produksjon
  • ha evne til å halde seg oppdatert på digitale kommunikasjonsformar og –plattformar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert i forelesningar, praktiske workshop, sjølvstendig arbeid, prosjektarbeid med enkamera produksjoner, studentpresentasjonar og rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knytt til emnet jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltaking på minimum 80% av undervisning og organisert arbeid i emnet.

Arbeidskrav:

I emnet er det 5 arbeidskrav som må vere bestått for å kunne framstille seg til eksamen.

  1. Munnleg pitch i gruppe. Omfang: om lag 20 minutt.
  2. "Treatment" og manus i gruppe.
  3. Produksjonsplan, opptaksplan og budsjett i gruppe.
  4. Papirarbeid knytt til produksjonen i gruppe. 
  5. Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Dersom arbeidskrava ikkje vert godkjent ved første innlevering, kan studenten levere kvart arbeidskrav på nytt  i forbetra versjon.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Jon Harman
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Medieproduksjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Mappa skal innehalde dei obligatoriske arbeidskrava 2-4 i emnet. Filformat: Tekst: PDF. Video: MP4 eller MOV. Foto: JPEG, PNG. SoMe-innhald: PDF.
Godkjent av: 
Kate Kartveit