Semestre

PROG1-17KFK Introduksjon til programmering for lærarar 1, 1.-7. trinn

Emnekode: 
PROG1-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ikkje noko krav til forkunnskapar

Om emnet

Studentane skal utvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast visuelle programmeringsmiljø.  

Studentane skal både utvikle eigene ferdigheiter i programmering og kunnskap om korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 1.-7.-trinn. Studentane får også kjennskap til algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og korleis dette kan brukast til planlegging av programmeringsprosessen.  

Undervisingen og det praktiske arbeidet vil organiserast rundt to prosjekt – eit programmeringsfagleg og eit didaktisk. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i samfunnet 
  • har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skulen 
  • har grunnleggjande forståing for algoritmar 
  • har forståing for analog programmering 
  • vise forståing for grunnleggande element i visuell programmering  
  • gjere greie for programmering som prosess 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • utforme algoritmar og pseudokode  
  • ta i bruk analog programmering i undervisning 
  • utvikle program ved hjelp av visuell programmering 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering  
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering  
  • bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Ingen

Arbeidskrav:

  1. Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
  2. Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen. 
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
75
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust