PROG2-17KFK Introduksjon til programmering for lærarar 2, 1.-7. trinn

Emnekode: 
PROG2-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to programming for teachers 2, 1st-7th Grade
Emnenavn på bokmål: 
Introduksjon til programmering for lærere 2, 1.-7. trinn
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ikkje noko krav til forkunnskapar

Om emnet

Studentane skal vidareutvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast visuelle programmeringsmiljø, og bli gitt ein innføring i programmering med mikrokontrollar. 

Studentane bygg vidare på haustsemesteret og vidareutviklar eigne ferdigheiter i programmering og korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 1.-7.-trinn, til dømes smidig metodikk og designtenking. 

Undervisingen og det praktiske arbeidet vil organiserast rundt to prosjekt – eit programmeringsfagleg og eit didaktisk. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • vise forståing for algoritmar 
  • vise forståing for og kunne kombinere grunnleggande element i visuell programmering  
  • kjenne til tekstbasert programmering 
  • gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuell programmering 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • tilpasse eksisterande programkode og algoritmar til nye problem 
  • gjere om problem til delproblem 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program   
  • lage oversiktlige og lesbare program  
  • utvikle prototypar med mikrokontroller  
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering  
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.  
  • reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Ingen

Arbeidskrav:

  1. Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.  
  2. Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen. 
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Martyna Katarzyna Fojcik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust