SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling

Emnekode: 
SP2-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Language - , Mathematic – and Reading Development
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet omhandlar vanskar knytt til språk, lesing, skriving og matematikk, og korleis legge til rette for utvikling og læring på desse områda. Språkleg meistring er ein basisføresetnad for ein inkluderande skule. Emnet vil gi kunnskap om korleis skulen kan bygge opp den språklege plattforma hos elevane for å gi eit godt grunnlag for lesing, skriving og rekning. Å skape forståing for viktige element i utviklinga av elevane sin kompetanse og korleis praktisk møte dei i opplæringa i skriving, lesing og matematikk er såleis viktige delemne. Det blir gitt eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på utfordringar knytt til språk, lesing, skriving og rekning. Samtidig blir det også peika på korleis legge til rette for læring og utvikling innanfor desse områda. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Kandidaten 

  • har avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon 
  • kan analysere faglege problemstillingar om språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar og samanhengane mellom desse 
Ferdigheiter

Kandidaten 

  • forstår og analyserer vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk 
  • kan legge til rette og vurdere læringsaktiviteter for barn og elevar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 
Generell kompetanse

Kandidaten  

  • kan anvende sine kompetansar og ferdigheiter med tilrettelegging og vurdering av opplegg ved skriftspråklege vanskar, språkvanskar og matematikkvanskar  
  • kan identifisere og analysere elevar si utvikling innan matematikk, språk-, lese-, og skriveutvikling 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, mellomarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav

  1. Teoretisk refleksjonstekst med sjølvvald problemstilling. 
  2. Multimodal tekst knytt til sentrale tema frå emnet.  

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Beate Farstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
3000 ord +/- 10%
Godkjent av: 
Arne Myklebust