10 tips til ein god start i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Spent på studielivet i Volda og hva som kan være lurt å tenke på i starten? Bodil Lerøy, som har fem år på baken som Volda-student, gir deg her svært verdifulle råd på veien. 

Det å flytte til ein ny plass er alltid spennande og kanskje litt skummelt. Sjølv om ein kanskje er heilt fersk frå vidaregåande eller har studere ein del år, men ein anna plass. Her er mine 10 tips til ein god start i studiebygda Volda.

1.    Kva skal du ta med? Den første tida skjer det mykje. Derfor er det lurt å sjekke ut kva hybelen alt har. Dette kan ein enkelt sjekke ut ved å sende ei melding til utleigar eller lese i kontrakta si. På nokre hyblar kjem alt ferdig møblert, då er det deilig å spare seg litt pengar (og plass) på det ein ikkje treng å ta med seg, eller tenkje på. Les meir om bustad i Volda.

2.    Ver økonomisk smart. Det siste ein vil høyre etter ein har motteke ein god slump med pengar. Likevel, det kjem ein dag i morgon. Pensum, aktivitetar, nye ting til hybelen. Alt kostar, og mange små beløp blir fort mykje pengar. Her finnast det mange smarte tips for studentar som kan vere smart å sjekke ut, spesielt viss du er som meg og bruker litt mykje pengar på mat. 

3.    Bli med i Fadderveka. Volda er ein flott stad kvar ein kan møte og bli kjent med andre på tvers av studium. Framleis er det viktig å bli med ut på ting. Du må ikkje drikke alkohol for å gjere alt. Eg kjenner fleire, og har gjort det sjølv, som har deltatt utan å drikke alkohol. Fadderveka er ein god arena for å bli kjent med klassa di, men også Volda. 

4.    Ta deg ein tur! Då tenkjer eg kanskje ikkje på Rotsethornet, men bli kjent med bygda. Kvar er butikkane, studenthuset Rokken eller bussplassen? Volda har mykje å by på, sjå litt av det her.

5.    Kva med utanfor Volda? Bygda har mykje å tilby frå klesbutikk, skobutikk, cafe og meir. Kan det vere greitt å finne ut kva nærområde har å tilby. Då slepp ein desse langturane til Ålesund.

6.    Fersk som student? Bli kjent med campus! Biblioteket vårt er ein god ressurs for oppgåveskriving og har god informasjon til deg som er ny student, har du spørsmål om tilpassa studiekvardag er studentsørvis gjengen, og utan mat og drikke, duger ikkje helten. Her har vi ei fantastisk kantine som lagar den beste lunsjen slik at du fungerer i studiekvardagen. Her er eit detaljert kart over campus med navn på hus, rom og det du skulle trenge

7.    Engasjer deg! Volda har mykje å tilby, frå å drive ei konsertscene, til å spele volleyball, eller vere host for eige radioprogram. Det finnast so mange bra organisasjonar ein kan ta del i. Dette er verkeleg med å prege kvardagen. Ein skal jo faktisk ha eit liv utanfor studiet også. 

8.    Nyt festivallivet. Vi er bortskjemt i Volda å har ein festival for ein kvar smak. VEKA i Volda, X2-festivalen, Dokfilm (Den norske dokumentarfilmfestivalen), og mykje meir. Dette bør ein dra nytte av. Om ein berre deltek, eller blir med å jobba som frivillig. Kven veit, kanskje finn du det du likar å jobbe med?

9.    Ikkje ver redd for å skilje deg ut! Noko av det som verkeleg er med å gje Volda liv, er alle som berre er seg sjølv. Ta det frå sjølvaste Rokken-Bodil, det å berre ver seg sjølv gjer ikkje berre glede for deg, men også dei rundt deg. Kanskje er nettopp du den neste legenda som vandrar rundt i Volda sine gater?

10.    Hugs å pust. Dette er kanskje mitt beste tips. Det er mykje som skjer på kort tid. Ein skal forhalde seg til mange nye folk. Både førelesarar, medstudentar, dei ein bur med. Det er lov å seie nei og tenkje på seg sjølv. Ikkje minst kan livet komme i bakkar. Snakk med dei rundt deg, og viss ein skulle trenge ein ekstra prat med nokon som kanskje har eit par gode råd kan velferdsgruppa oppsøkast. Dei er her for at du skal ha ei så bra studietid som mogleg.

Kos deg så mykje i studiebygda Volda. Om du skal vere der i 1, 3 eller 5 år. Tida går fort, nyt tida i Volda. 
 

Del på