Alle skriftlege skuleeksamenar blir endra

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har bestemt at alle skriftlege skuleeksamenar frå 1. november blir omgjort til digitale eksamensformer utan oppmøte på høgskulen.

Student foran PC

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har bestemt at alle skriftlege skuleeksamenar frå 1. november blir omgjort til digitale eksamensformer utan oppmøte på høgskulen.

Kriseleiinga har gjort ei risikovurdering og konkludert med at risikoen ved å gjennomføre skriftleg eksamen med oppmøte på høgskulen er for stor.

Dei peikar på følgande argument i si vurdering:

•    Sjukdom hos studentane kan medføre stort behov for konteeksamen, eller at studentar stiller på eksamen sjølv om dei er sjuke
•    Auke i smittesituasjonen kan føre til at vi ikkje kan gjennomføre skriftleg eksamen, men ikkje har nok tid til å leggje om til digital eksamen 
•    Vi har utfordringar med å skaffe nok eksamensvakter, då mange har sagt frå seg oppdraget i lys av pandemien
•    Tilsette frå IT må vere til stades og logge seg på studentane sine maskiner – dette aukar risikoen for karantene/smitte i IT-avdelinga, noko som vil vere kritisk for drifta ved HVO generelt.  

Får beskjed på SMS

Tysdag 28. oktober vil ny eksamensform for dei eksamenane det gjeld vere på plass i Studentweb. Studentane dette gjeld for vil få ei tekstmelding på telefonen med informasjon om sjekke å Studentweb. Alle andre eksamenar, som ikkje vert endra, er sjølvsagt også tilgjengelege i Studentweb.

Praktiske eksamenar vil gå som planlagt med vanleg oppmøte etter planen. Munnlege eksamenar går også som planlagt, men fagmiljøa vurderer sjølv om desse skal skje ved fysisk frammøte på høgskulen eller via zoom.  

– Vi er opptatt av at alle studentar skal få gjennomføre eksamen på best mogleg måte. Dette grepet gjer vi no, i tilfelle smittesituasjonen i Volda og elles i landet vert verre. Det er viktig at studentane så tidleg som mogleg kan førebu seg på kva eksamensform dei møter i eksamensperioden, for å kunne førebu seg godt, og ikkje få ei ny eksamensform til dømes ei veke før eksamen. Vi gjorde ei vurdering av dette i sommar, og då vurderte vi det til at det var moglegheit for å gjennomføre eksamen som normalt, men grunna den aukande smitta i landet ser vi det naudsynt å ta dette grepet, for å sikre studentane sine moglegheiter til å gjennomføre eksamen, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda. 
 

Del på: