Barnehagekonferansen: Sette tid i barnehagen på agendaen
Då Barnehagekonferansen feira 20 år hadde den fått undertittelen «Gi meg tid» – eit uttrykk for eit behov som både tilsette og barnehagebarn kan kjenne på.
Barnehagekonferansen er eit viktig samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Statsforvaltaren. Den er ein av dei mest sentrale faglege møteplassane for pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, PPT og høgskuletilsette.
Held seg oppdatert
Konferansen har kvart år fokus på tidsaktuelle tema. Ein får oppdatere seg på lov- og regelverk, innhald i stortingsmeldingar og strategiar, og ein blir fagleg oppdatert på den nyaste forskinga innan feltet. Konferansen har bidratt til å løfte kompetansenivået i sektoren og samtidig vore med å skape eit sterkt fagleg fellesskap.
Fleire tilsette ved Høgskulen i Volda heldt innlegg under konferansen.
– Kan ikkje organisere seg vekk frå problemet
Under konferansen vart det diskutert korleis barnehagelærarane skal få tid til planlegging, for- og etterarbeid, og tid til å rettleie og arbeide med utvikling i personalgruppa.
Cecilie Thun, førsteamanuensis ved institutt for barnehagelærerutdanning ved OsloMet, har saman med kollegaer forska på ei alternativ arbeidsdeling i barnehagane. I studien deira jobba barnehagelærarane i «kjernetida», den tida når flest barn er til stades i barnehagen. Medan tilsette utan pedagogisk bakgrunn jobba under opning og stenging av barnehagen.
– For pedagogane var det for det meste positivt. Dei fekk konsentrere seg om barnehagebarna sin leik og læring, seier Thun til nrk.no, som har omtala konferansen og tematikken til den.
Thun er likevel klar på at bemanninga bør auke i barnehagane, sjølv om dei såg at mykje tid vart frigjort i studien.
– Det går ikkje an å organisere seg vekk frå problemet med at det er for få tilsette, meiner Thun.
Vil halde fram
20-årsjubileet vil ikkje bli ei kvilepute for Barnehagekonferansen. Arrangørane ser fram mot nye år og vil halde fram med å vere ein møteplass for fagleg utfordring, drøfting og kompetanseutvikling, med mål om å sikre ein inkluderande barnehage for alle barn.