Interesser og karriere hand i hand i Volda

Lyst til å leike, lære og utfordre deg sjølv på fritida som student – og få bruk for det i jobblivet? Da bør du sjekke ut Volda!

Opning av Vrøvl i Volda 2024

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Dei tidlegare Volda-studentane Mathias Karlsen Bratli (t.v.) og Tormod Brekke Øye flankerer Volda-ordførar Sølvi Dimmen under opninga av humorfestivalen Vrøvl i Volda. Foto: Olaf Bingen

Har du nokon gong kjent på ein lidenskap du berre ikkje kan gje slepp på? Akkurat slik hadde Mathias Karlsen Bratli og Tormod Brekke Øye det då dei møttest ved studiestart i 2017, og begge skulle ta til på journalistikkstudiet. Begge var ferske i Volda, men det tok ikkje lang tid før dei fann tonen gjennom sin felles forkjærleik for humor.

– Vi starta opp i 2017 og vart ferdige som «koronastudentar» i 2020. Vi hadde begge høyrt mykje godt om det legendariske studielivet i Volda, og det skada heller ikkje at Tormod hadde slekt frå både Volda og Ørsta, seier Mathias med eit smil.

– Etter kort tid på journalistikkstudiet oppdaga vi vår felles lidenskap for humor og underhaldning. Dette vart starten på eit vennskap som raskt utvikla seg til eit kreativt samarbeid: VRØVL, fortel Tormod.

VRØVL lever i beste velgåande i dag – no i Oslo, og det er også utvida med tre andre på laget. Det starta som eit medieproduksjonsfirma, no omtalar dei seg sjølve som eventbyrå, kreativt kollektiv, podkastprodusent, sketsjprodusent, standup scene og improgruppe. Dei har den siste tida blant anna gjort stor suksess med ulike humorkonsept på scener i hovudstaden, og står også innimellom standup sjølve.

I tillegg jobbar Mathias som innhaldsprodusent for Universial Music, der han tek bilde og lagar musikkvideoar, medan Tormod har jobba fleire år som podkastprodusent, og vidareutdannar seg også som lyddesignar.

Stor plass til å utfalde seg

Gjennom studietida deltok både Tormod og Mathias i ulike studentorganisasjonar. Saman med mykje praksis i skulearbeidet, la desse prosjekta på fritida eit grunnlag for skaparglede og kreativitet.

– Gjennom studietida i Volda deltok vi begge aktivt i student-TV, i tillegg til at vi var med under X2-festivalen og Dokfilm for å utfolde oss med humorvideoar. Høgskulen i Volda la svært godt til rette for å kunne boltre seg i moderne utstyr slik at vi kunne lage podkast og andre kjekke ting både under og utanom studiet, forklarar duoen.

Dei følte dei aldri fekk ta ordentleg farvel med Volda, sidan studietida deira slutta under koronapandemien. Difor tromma dei saman humorfestivalen VRØVL i Volda, som vart ein stor suksess hausten 2024. Tidlegare Volda-studentar kom tilbake til bygda og sto på scena saman med andre kjende humornavn – samtidig som dagens studentar også fekk prøve å gjere standup, og ikkje minst le seg skakk i salen.

På bildet over her ser du Tormod (t.v.) og Mathias i sitt ess på scena under festivalen. Foto: Olaf Bingen

Fleire har funne gull i Volda

Det er ikkje berre humor-karane som har nytt godt av det kreative studentmiljøet i Volda. Studentar møtast på tvers av studium både i undervisning og på fritida. Ut av denne kreative bobla kom det blant anna ein kunstkonteinar, som vart til under emnet Entreprenørskap i kreative næringar.

Kvart einaste år går det eit nytt kull med ferdigutdanna journalistar ut av dørene på campus – klare for å ta fatt på si karriere. Eit av dei nyare tilskota i denne samlinga er Ingrid Alice Mortensen.

– Mitt Volda-eventyr varte frå 2018 til 2021 som journalistikkstudent – ei reise som resulterte i fast tilsetting som videojournalist i VG. I dag jobbar eg framleis i VG- konsernet, men har gått frå fire år med nyheiter til å no jobbe under VGTV med underhaldning i fokus, fortel Ingrid Alice. 

Det var gjennom ekstern praksis at Ingrid Alice fekk ein fot innan VG, deretter venta eit vikariat før ho vart fast tilsett. Men det var ikkje berre journalistinteressa som vart vekt i Volda.

– I tillegg til at eg fekk boltre meg i journalistikken som student, fekk eg også gode erfaringar gjennom redaktørverv i både student-tv og studentradioen. Eg ville utfordre meg enda meir og ville prøve ut standup – det fekk eg under Dokfilm-festivalen. Eg hugsar eg var svært nervøs den gongen, men da eg kom til Oslo kjente eg eit sakn til kreativiteten og humoren eg fekk drive med i Volda. Dette førte til at eg tok eit standup-kurs, og i dag er dette noko eg framleis driv med på fritida, seier Ingrid Alice.

Over her ser dere Ingrid Alice i god kontakt med publikum under Vrøvl i Volda. Foto: Magnus Sørensen

Volda + studentar = nettverk for kreativitet

Tormod, Mathias og Ingrid Alice ser alle tilbake på studietida si med eit stort smil om munnen. Dei er alle svært takknemlege for rammene dei fekk kring studietida, og ikkje minst det gode nettverket dei fekk.

Dei fleste av mine næraste venner i dag er frå studietida i Volda

Ingrid Alice Mortensen, tidlegare journalistikkstudent ved HVO

– Eg likte Volda VELDIG godt, og det var ein periode som opna mange moglegheiter for meg både når det gjeld karriere og interesser. For min del var det nok sunt å kome seg litt ut av storbyen, og i Volda føler eg alle startar på likt – dei fleste kjenner ikkje så mange frå før. Dette trur eg er grunnen til at det er svært lett å få gode venner i studiebygda, avsluttar Ingrid Alice.

Del på: