Mini-guide til Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume , Foto: Lea Albertsen | HVO

- Oppdatert

Ny student og litt usikker på kva Høgskulen i Volda (HVO) er? Her er HVO kort fortalt på 1-2-3!

Skulen du no skal bli ein del av, har lange tradisjonar. I årevis har fleire av landets beste lærarar og mest kjende mediefolk blitt uteksaminert frå Høgskulen i Volda. Omsorgsfulle sosionomar, dyktige samfunnsplanleggjarar, språkstjerner og historieguruar har gått opp stiane før deg. I 2021 har vi om lag 4500 studentar og 350 tilsette.

1.    HISTORIA: Høgskulen i Volda vart danna for 27 år sida, gjennom samanslåing av Møre og Romsdal distriktshøgskole Volda (DH på folkemunne) og Volda lærarhøgskule. Medan DH vart etablert for 50 år sidan, har lærarskulen eksistert sidan 1895. Lærarutdanninga i Volda er imidlertid endå eldre, og daterer seg attende til 1861, då som Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere. Så dette har vi drive med ei stund!

2.    AVDELINGANE: Høgskulen har fag- og profesjonsstudium innan lærarutdanning, humanistiske fag, mediefag, samfunnsfag og kulturfag. Desse utgjer dei fire avdelingane våre.  

  • AHL: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Her finn du Institutt for språk og litteratur, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Institutt for pedagogikk og Institutt for realfag. 
     
  • AKF: Avdeling for kulturfag er organisert i fire seksjonar: Drama og teater, design, kunst og handverk, idrett og friluftsliv og musikk. Her finn du også SEANSE, senter for kulturproduksjon. 
     
  • ASH: Avdeling for samfunnsfag og historie. Her finn du Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Institutt for sosialfag og historisk institutt. 
     
  • AMF: Avdeling for mediefag. Her finn du Institutt for journalistikk, kommunikasjon og animasjon. 

3.    HØGSKULEOMRÅDET: Campus eller område? Uansett kva det heiter på nynorsk, er det ikkje lange biten å gå frå Kaarstad-huset i vest til Aasen-huset i aust. No har vi også eit splitter nytt mediehus som vi er så heldige å få ta i bruk frå studiestart 2021! Sjølv om det ikkje er store tilhøve, har vi kart du kan laste ned på mobilen. Så er du sikker på å finne fram! 

 

FUN FACTS

Les meir OM HVO.

Pssst! Stikk innom nettsida Ny student for nyttig informasjon og gode tips for deg som er ny student.


VELKOMEN TIL OSS! 
 

Del på