Over 700 ungdommar var student for ein dag

Kva lærer og gjer dei på dei ulike studia, kva kan eg bli og kva fyller studentane i Volda fritida med? Desse og mange fleire spørsmål fekk elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular svaret på då dei gjesta Utdanningsdagen ved Høgskulen i Volda (HVO).

Utdanningsdagen2024høgskulenivolda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Drygt 700 elevar frå vidaregåande skulane Volda, Vestborg, Ulstein, Stryn, Måløy, Herøy, Firda, Eid, Akademiet Ålesund og Ørsta og folkehøgskulane Ålesund og Møre tok del i Utdanningsdagen 2024.

Til Volda kom dei for å få ein smakebit på kva som ventar dei om dei vel å ta høgare utdanning. På førehand skulle elevane velje tre av dei 16 ulike bachelorgradsprogramma HVO tilbyr, i tillegg var også Høgskolen i Molde eit valalternativ.

Prøve, teste og lære

Gjennom ein skuletime blei elevane introdusert for innhaldet i studieprogrammet dei gjesta. Kva får studentane vere med på av praktiske og teoretiske øvingar, korleis ser ein skuledag ut, kva er moglege yrker for denne utdanninga? Treng ein forkunnskapar?

Faglærarar og studentar gjorde dette ved å involvere elevane som var på besøk.

Til dømes fekk dei som hadde vald Idrett og kroppsøving vere med på å springe og måle farta si. Hos Design, kunst og handverk vart dei tatt med inn i ulike praktiske prosjekt som design av eigne lampar eller klede og korleis bygge ein gapahuk.

Gapahuk var det nesten så dei elevane som besøkte Friluftsliv og naturguide vart møtt av – i ale fall eit telt som likna på det, i tillegg til bålpanne og god stemning.

Mange av elevane var nysgjerrige på læraryrket. Dei fekk blant anna presentert ei solid startløn, saman med andre godar som trygg og meiningsfull jobb og gode praksisperiodar under utdanninga.  

Forskjellen på sosionom og barnevernspedagog seier seg ikkje sjølv for mange. Akkurat det fekk elevane svaret på når dei gjesta posten for Sosialt arbeid og fekk vere med på eit gruppearbeid. Her var samhandling var eit stikkord.

Hos dei ulike mediefaga vart elevane tatt med inn i korleis ein planlegg og lagar medieinnhald, alt frå seriøs nyheitsjournalistikk, gjennomarbeidd kommunikasjonsmateriell til lausbeint filminnhald, animasjonsfilm og radioinnhald. Å vere i eit tv- eller radiostudio, prøve å filme opptak til ein film eller teikne noko til ein animasjonsfilm var noko av det elevane vart freista med.

– Blir tatt godt vare på

I tillegg til elevane møtte Volda-studentar på dei ulike postane, vart dei også introdusert for to då dei vart ønska velkomen. Astrid Annette Engh og David Høyheim Skintveit oppmoda elevane om å bruke dagen til å spørje mykje.

Astrid var sjølv interessert i tv og radio, og fann vegen til Volda på grunn av høgskulens gode rykte om journalistikkutdanninga. David hang seg på kjærasten som ville studere i Volda, og gjennom studietesten landa han på PR, kommunikasjon og media.

– Eg har ikkje angra ein dag. Volda har eit heilt unikt studentmiljø, sa Skintveit.

– Det er mange fordelar med å studere på ein sopass liten plass. Vi har veldig flinke og imøtekommande lærarar som du blir godt kjend med. Du kjem på fornamn med dei, fortalde Engh.

Astrid Annette Engh og David Høyheim Skintveit
Studentane Astrid Annette Engh og David Høyheim Skintveit fortalde si Volda-historie under opninga av Utdanningsdagen.

– Ja, og så blir du så godt tatt vare på som student i Volda. Høgskulen og Studentsamskipnaden har mange gode samtaletilbod for studentar, og flinke tilsette som lagar kurs, møtestadar, og byr oss på gratis mat i travle eksamenstider, sa Skintveit, før duoen ramsa opp ei heil rekke med fritidstilbod i Volda, og følgde opp med festivalar og anna moro studentane kan vere med på.

– Det er ikkje kjedeleg å vere student i Volda, lova dei.

– Bruk tida godt

Mona Nordal Johnsen, kommunikasjon- og marknadssjef ved Høgskulen i Volda, opna Utdanningsdagen.

– Kven er eg, kva vil eg bli, skal eg studere, og i tilfelle kva, kva er interessene mine, kva er viktig for MEG? Tenk slik, starta Johnsen med å seie til elevane.

Ho var opptatt av at ungdommane skal gjere eit val for seg sjølve, og ikkje etter kva mor og far, tante og onkel og vener meiner.

– Mitt beste råd er å bruke tida godt. Undersøk moglegheitene som finnast, slik at du kan ta eit informert val. Du treng ikkje å ha alle svara med ein gong, vegen vert til medan du går. Ikkje ver redd for å prøve ut noko nytt.

Utdanningsdagen2024
Kommunikasjon- og marknadssjef Mona Nordal Johnsen gav elevane gode råd under opningstalen sin.

Difor oppmoda Johnsen elevane om å:

– Bruke dagen i dag godt. Ikkje ver redd for å stille spørsmål, både til studentar og oss tilsette. Ver nysgjerrig!

Lærarane også på skulebenken

Medan elevane deira testa ut studentlivet, fekk lærarane og rådgivarane deira fagleg påfyll gjennom eit eige seminar på høgskulen.

Lunsjseminaret hadde tittelen «Frå studium til arbeid: Moglegheiter i dei praktisk-estetiske faga». Der fekk dei blant anna innblikk i korleis dei praktisk-estetiske utdanningane ved høgskulen er lagt opp, og korleis ein kombinerer praktiske oppgåver og teori.

Dei fekk også vite meir om kva studentane kan bli og gjere etter at dei er ferdige med utdanningar som Design, kunst og handverk, Musikk, Teater og drama, Idrett og kroppsøving og Friluftsliv og naturguide.

Del på: