Søk og bli med i faddervekestyret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

No har du sjansen til å bli med på å lage ei heilt magisk fadderveke i 2023. Søk på eit av dei seks verva i faddervekestyret fram til og med 27. januar.

Ikkje berre får du vere med på å lage ei fadderveke som vil gi mykje moro, men også viktig arbeidserfaring som kan vere svært nyttig å ha på CV-en. Verva er også honorert med pengar, meir om det lenger ned i saken.

– Her får ein ansvaret for eit av dei største arrangementa i Volda. Å lage fadderveka er både kjekt og sosialt – ein blir ein god gjeng som jobbar mot eit artig mål i august. Dette er arbeid som vil glede mange hundre nye studentar, i tillegg til at det har stor eigenverdi for faddervekestyret og fadrane. Og så er det jo ikkje feil med ei viktig arbeidserfaring med på kjøpet, seier Trond Fredrik Hagemann Hoddevik, leiar i Studentparlamentet, som er med på å tilsette faddervekestyret.

Verva og søking

Faddervekestyret består av seks verv: 

Leiar – leiar og koordinerer arbeidet, og held dialogen med Studentparlamentet, Høgskulen og Samskipnaden 
Nestleiar – avlastar leiar og resten av styret, er styrets multitasker 
Arrangementsansvarleg – hovudansvar for programmet
Fadderansvarleg – hovudansvar for alle fadrane og faddergruppene 
Sponsor- og økonomiansvarleg – sikrar avtalar med sponsorar og har hovudansvar for innkjøp og økonomi 
PR- og multimedieansvarleg – hovudansvarleg for promotering og grafisk design

HER KAN DU LESE MEIR OM DEI ULIKE VERVA

HER KAN DU SØKE DEI ULIKE VERVA (Du kan søke til og med 27. januar)

Alle studentar som skal studere ved Høgskulen i Volda hausten 2023 er velkomne til å søke på alle dei ulike verva.

Står på stand

For å bli enda tryggare på kva verva går ut på kan du møte Studentparlamentet på stand. Måndag 16. januar – torsdag 19. januar i tidsrommet 10.30 – 14.00 står dei på stand kvar dag i Berte Kanutte-huset, Sivert Aarflot-huset og Henrik Kaarstad-huset.

–  Det er berre å spørje om alt ein har på hjartet. Vi vil snakke med så mange som mogleg, kom gjerne bort til oss, seier Hoddevik.

Passar ikkje dette for deg, kan du også stikke innom Studentparlamentet i 1. etasje på Berte Kanutte-huset for ein prat, ta kontakt med nokon i Arbeidsutvalet i Studentparlamentet eller sende ein e-post til: studentparlamentet@hivolda.no.

Honorar

Verva i Faddervekestyret er honorerte med 10 000 kroner for leiar og 5 000 kroner for dei andre verva i styret. Honoraret blir utbetalt som ein eingongssum etter innlevert evalueringsrapport i oktober.

Og sjølv om ein får litt betalt og mykje ansvar som ein del av styret, er det ikkje slik at dei ikkje får støtte frå andre.

– Styret vil få god støtte frå høgskulen, studentparlamentet og velferdsgruppa. Vi skal vere med å legge til rette for at det skal bli ei knallkjekk fadderveke – styret skal ikkje stå aleine, lovar Hoddevik.

Del på