Søk utveksling innan 15. september

Tekst: Per Straume , Foto: Mia Nonås

- Oppdatert

Lyst til å studere i utlandet til våren? Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med universitet i over 40 land. Hugs å søk før 15. september!

I haust har Høgskulen i Volda (HVO) mange studentar på utveksling rundt om i verda. No nærmar fristen seg for å søke om utveksling for vårsemesteret 2023.

Å reise på utveksling gir ei unik moglegheit til å bu ein lengre periode i utlandet, og til å fordjupe seg innanfor eit fagområde. Ofte kan våre avtalepartnarar tilby fag som ikkje er tilgjengelege her i Volda.

Vel mellom mange institusjonar og land

HVO har samarbeidsavtalar med meir enn 100 institusjonar fordelt på om lag 40 land rundt om i verda.

Avhengig av kva studie du tek, kan du som student ved HVO velje mellom mange universitet i Danmark, Storbritannia, Hellas, Japan, USA, Australia og ei rekkje andre land. 

Volda-studentar som var på utveksling i vår har sendt inn bilde frå deira opplevingar og vore med i ein fotokonkurranse, sjå vinnarane på Instagram her.

Under her kan du sjå nokre av bilda frå utveksling våren 2023.

 

Foto: Sunniva Fjærestad, Jakob Østheim, Thea Charlotte Landsverk, Fanny Feragen Solheim, Stine Eikeberg Leirdal og Kari Flaa Sæterstad


Hjelp til søknad

Dersom du ikkje er heilt sikker på om du vil reise ut, eller kanskje ikkje har bestemt kvar du vil reise, kan du lese meir om utveksling ved HVO her.

Hugs søknadsfrist 15. september!

Internasjonalt kontor vil sjølvsagt hjelpe til med søknadsprosessen. Du kan også bestille rettleiingstime hos internasjonalt kontor for råd i samband med søknaden din.

Del på