1,6 mill i ekstraløyving til HVO

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Høgskulen vert nøydde til å nytte oppsparte midlar for å dekkje inn den budsjetterte underfinansieringa, seier økonomisjefen.

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet seier forskings- og høgre utdanningsminister Tora Aasland at regjeringa vil styrke den langsiktige satsinga på kunnskap.

Det er gjeve 160 millionar ekstra til universitet og høgskular i Noreg, og denne auken i basisløysingane skal spesielt styrke undervisninga og vere med på å følgje opp studentane.

Gode resultat trass lav løyving
Høgskulen i Volda har saman med til dømes Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Lillehammer ei av dei lågaste overføringane frå staten.
– Høgskulen i Volda driv likevel svært økonomisk, og får svært god studiekvalitet for kvar krone. Studentane i Volda ligg godt over snittet både når det gjeld resultat etter eksamen og i generell studiekvalitet. Dette viser mellom anna rapporten for studiekvalitet.

– Vi har hatt kutt tidlegare, men kan til ei viss grad seie at regjeringa rettar på dette i år. Leiinga ved høgskulen arbeidar likevel målretta for å auke basisløyvinga til Høgskulen i Volda.

Del på