- Eit budsjett til å leve med

Tekst: Webmaster Volda

Kutt i studieplassar

Vi har fått redusert basisløyving som følgjer av kutt med 30 studieplassar. Dette kuttet skal i følgje signal frå UFD takast med 20 plassar frå universitetsparallelle fag og 10 plassar frå allmennlærarutdanning.

Begge kutta er uforståelege for oss. Vi har kompensert manglande opptak i allmennlærarutdanninga med auka opptak på praktisk- pedagogisk utdanning som har vore ei mykje etterspurd utdanning i regionen vår. Vi har satsa sterkt på dei humanistiske faga dei seinare åra, og vi kan vise til gode opptakstal både hausten 2004 og hausten 2005. Dette gjeld spesielt norsk, historie og engelsk.

Til saman er det kutta 511 studieplassar i høgskulesektoren. Profilen er slik at dei største kutta er lagt til høgskulane i distriktet, og nye studieplassar og mindre kutt er lagt til dei sentrale strøka og dei store byane. Vi meiner at Høgskulen i Volda burde vore skjerma for kutt både av distriktspolitiske grunnar, og fordi vil kan vise til svært gode resultat.

Resultatbasert finansiering

Universitets- og høgskulesektoren har fått resultatkopla finansieringsformer. Dette kan vere tøft, og mange høgskular får reduksjon i studieplassar fordi dei ikkje oppfyller krava til resultat.

Dette gjeld ikkje for Høgskulen i Volda. Vi kan vise til god produksjon av studiepoeng både i 2003 og i 2004. Faktisk produserte vi i 2004 529 60-studiepoengseiningar (heiltidsstudentar) over minstekravet i basisfinansieringa.

Sektoren får den resultatbaserte undervisningsløyvinga tildelt etter eit system der dei ulike studia er plasserte i 6 kategoriar med noko ulik utteljing. Denne komponenten i finansieringssystemet har gjeve oss god utteljing. Vi fekk nesten 3,9 mill kroner meir på grunn av produksjonsauke, vel 2 mill kroner meir på grunn av at satsen er pris- og lønnsregulert og nesten ein halv mill kroner meir på grunn av kategoriendring. I tillegg meiner vi at vi har fått 700.000 kroner for lite fordi nokre mastertilbod er plasserte i feil kategori.

UFD har frå og med budsjettet for 2006 endra den forskingsbaserte resultatdelen i finansieringa. Dei har under utvikling ein modell som skal premiere sektoren både for forsking, utvikling og formidling, og frå og med 2006 gjeld systemet felles for alle institusjonane, både høgskulane og universiteta. I år har dei nytta berre forskingsdelen, og resten er ført førebels tilbake til basisfinansieringa. Dette har ført til at vi kjem noko dårlegare ut i 2006 enn vi gjorde i 2005, men samanlikna med dei andre institusjonane taper vi ikkje på forsking.

Ny stipendiatstilling

Vi har fått tildelt ei ny stipendiatstilling frå 1. juli 2006. Etter dette har vi 11 stipendiatstillingar fast finansierte med midlar frå UFD. I tillegg har vi for tida tre stillingar finansierte av andre kjelder.

Kunnskapsløftet

UFD arbeider med å setje i verk ei omfattande reform for heile grunnopplæringa. Denne reforma har fått namnet Kunnskapsløftet og skal gjennomførast i perioden frå 2005 til2008. Kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar er ein sentral del i gjennomføringa. I 2005 vart det sett av 500 mill kroner til kompetanseutvikling i skulen, og i 2006 er denne satsinga vidareført. Størstedelen av løyvinga går til skuleeigarane/ kommunane og dei står fritt til å kjøpe dei nødvendige tenestene der dei finn det beste produktet.

Høgskulen i Volda tek mål av seg til å vere ein viktig medspelar i denne prosessen. Gjennom prosjektorganisering og ei storstilt internskulering er vi klare for å ta ansvar for vår del av reforma. Måten som vi samarbeider med skuleeigarane på, byggjer på erfaringar som er gjort frå tidlegare reformprosessar i norsk skule.

Forskingsfinansiering

Forsking er ei hovudprioritering for den regjeringa som har lagt fram statsbudsjettet. Det er foreslått å auka dei samla løyvingane til forsking og utvikling over statsbudsjettet med om lag 1,4 mrd kroner i 2006, i tillegg til at kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping vert auka med 39 mrd kroner (til 75 mrd kroner). Gode prosjekt vil ha gode sjansar for finansiering.

Internasjonalisering

Statsbudsjett for 2006 fokuserer også på arbeidet med internasjonalisering. Ved Høgskulen i Volda har talet på utvekslingsstudentar auka, og vi har inngått avtalar med stadig fleire utanlandske institusjonar. Her har vi teke eit løft, og dette er vi stolte av.

Konklusjon

Konklusjonen er at vi til tross for studieplassreduksjonane har fått eit budsjett til å leve med, og at her ligg mange utsikter til ekstra finansiering dersom vi har gode prosjekt å vise til.

Del på