Fredag: Vekeavisa som innstikk i Sunnmørsposten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studenthuset og VEKA er svært viktige for det gode studentmiljøet i Volda. VEKA i Volda er faktisk eitt av dei største kulturarrangementa på Nordvestlandet. Det nye studenthuset Rokken som vart opna sist fredag, ser ut til å bli ein suksess.

- Studiestaden Volda er kjend for sitt gode studentmiljø, og vi vonar at det nye studenthuset gjer at Volda blir enno meir attraktiv som studiestad, seier Brandal.

Trivst godt

Årets store stud.mag.-undersøking viser at atudentane ved Høgskulen i Volda (HVO) trivst betre enn dei fleste andre studentar. Tabellen under viser kor nøgde studentane ved dei enkelte studiestadane er totalt sett omregna til ein karakterskala frå 1 til 6. Tabellen har med alle institusjonane der det er gjennomført minst 200 intervju i løpet av perioden 2002 -2005.  

Høgskolen i Lillehammer: 5,00

Høgskolen i Agder: 4,91

Høgskolen i Telemark (Bø): 4,89

Høgskulen i Volda: 4,61

Høgskolen Stord/Haugesund: 4,58

Høgskolen i Nord-Trøndelag: 4,55

Høgskolen i Bodø: 4,52

Høgskolen i Sogn og Fjordane, Sogndal: 4,5

Universitetet i Tromsø: 4,45

NTNU: 4,42

Høgskolen i Sør-Trøndelag: 4,37

Høgskolen i Vestfold: 4,35

Universitetet i Stavanger: 4,29

Høgskolen i Oslo: 4,25

Universitetet i Oslo: 4,14

Universitetet i Bergen: 4,12

Høgskolen i Bergen: 4,12

Høgskolen i Tromsø: 3,92

Del på