Høgskulen i Volda har innført elektronisk sakshandsaming

Tekst: Webmaster Volda

arkivet_520

Anne Helen Sundalsfoll, Turid Skaare Evensen og Hilde Skaare Fossheim ved Arkivet har lagt dei gule saksmappene i skuffene for godt - frå i dag er alt elektronisk.

Høgskulen i Volda valde det elektroniske sakshandsamarsystem ePhorte og har frå og med i dag gått bort frå papirbunkar og saksmapper med sirleg penneføring.

- Tilsette har vorte kursa og vi er i høgt beredskap for at dette skal gå så smertefritt som mogleg, melder arkivleiar Sundalsfoll.

Gulemappene
- Vi seier til alle tilsette at dei gamle "Gulemappene" snarast mogleg skal returnerast til arkivet på vanleg måte, og at ein skal returnere alt som skal vere i gulemappene for å få desse komplette.

Tilsette finn meir informasjon på Innsida

Del på