Høgskulen i Volda sitt kvalitetssystem godkjent av NOKUT

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Rapporten frå NOKUT stadfestar Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring, og peikar på at ein har bygd opp eit gjennomtenkt system for kvalitetssikring av utdanningane, med klare mål og klar fordeling av ansvar og oppgåver.
Rapporten konkluderer vidare med at mellom anna studentmedverknaden er god, og at fagutvala som arena for studentmedverknad er særleg lovande.

 

Høgskulen skal følgje opp tilrådingane og rapportere tilbake
NOKUT sitt styre handsama rapporten i styremøte måndag 20. juni, og legg til godkjenninga at styret ventar at høgskulen følgjer opp råda frå den sakkunnige komiteen om vidare utvikling av kvalitetsarbeidet ved institusjonen, og melder tilbake til NOKUT om dette.

- Vi vil arbeide vidare med kvaliteten etter tilrådingane som er lista i rapporten, og etter dei rutinane som no er lagde, seier studiesjefen. Situasjonen og omstendene vi arbeidar under vil heile tida vere i endring, difor er det viktig at vi er fleksible og vakne for å yte vårt beste til ei kvar tid, slår studiesjefen fast.

Del på