Molde, Ålesund, Volda og Sogndal utviklar datasystem saman

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

- Vi har stort utbytte av praktisk samarbeid, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth ved Høgskulen i Volda. Det aukande omfanget av datamengder frå fag, studieretningar og studentinformasjon frå avdelingane, samt data frå opptak og inntak gjer at vi må finna enklare og sikrare arbeidsmetodar, forklarar studiesjefen og peikar på permane, notata og utskriftene som ligg i stablar på skrivebordet.

Utnytting av ressursar

Dei tre høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane vart før helga samde om å utvikla eit databasesystem for studieinformasjon saman. Databasen vil gje den enkelte institusjonen ein felles plass for kladding, redigering og lagring av studieinformasjon. Slik unngår ein duplisering og mange variantar av den rette versjonen. Informasjonen kan deretter sendast til den som treng den, samt gjere publisering på veven enklare og sikrare. Høgskulane skal samarbeide med Nexus Group ved Kunnskapsparken i Ålesund.

- Høgskulane ser at ein får mykje større utnytting av ressursane dersom ein går saman om å utvikle nye løysingar, forklarar prosjektmedarbeidar Jonny Roar Sundnes ved Studieadministrasjonen i Volda. Sundnes peikar på at arbeidet hadde vorte mykje tyngre dersom ein skulle utvikle slike prosjekt kvar for seg.

Del på