Nytt om flytteprosessen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Flytting og datanettverket
Vi skal flytte alle datatenarane over til Berte Kanutte-huset i dag fredag 8.mai.Alle utgåande dataliner vert stoppa frå kl. 1200. Dette gjeld òg mot Internett.

Frå kl 1500 i dag vert heile datanettet til HVO ute av drift. Vi skal då ta til med å flytte alle nettverkstenarane og nett-elektronikk til Berte Kanutte-huset.

Dersom alt går etter planen skal mesteparten vere i drift i løpet av helga, seinast måndag morgon.

Flytting - felleskontoret
Felleskontoret (arkiv, ekspedisjon, sekretariat, info, IT) flyttar som dei første inn i Berte Kanutte-huset i veke 23 (2.- 5. juni) Vi ber om forståing for at servicenivået ikkje kan vere på topp i denne perioden.

Intern skilting av Berte Kanutte-huset
Statsbygg har valt Modulex som leverandør av det interne skiltsystemet i nybygget. Ei gruppe nedsett av høgskuledirektøren (Gonnie Smit Løseth, Reidulf Botn, Per Arne Brandal, Anne Margrete Seland, Svein Arnesen) arbeider no saman med Statsbygg, Modulex, SfS og STiV for å meisle ut ein god og føremålstenleg skiltplan for bygget.

Skilta kjem opp i god tid før semesterstart.


Skjermbasert informasjonssystem
Administrasjonen har også pussa støvet av ein gammal plan om å innføre eit skjermbasert informasjonssystem i høgskulen. Prosjektgruppa er den same som over pluss ein representant frå STiV.

Primær målgruppe her er studentane, og vi vil plassere ut skjermane i «myldreområda» i Kaarstad, Berte Kanutte, Strøm og Aasen (6 skjermar totalt)

Systemet vi har valt er SCALA INFOCHANNEL for PC (som dei fleste har sett i bruk på flyplassar o.l.), og vi reknar med at systemet vil vere operativt til semesterstart.

-pab

Del på