POLITIAKSJON PÅ MYRANE STUDENTHEIM

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen og Studentsamskipnaden ønskjer å informere om og presisere at det IKKJE var ein som budde på studentheimane eller som er student i Volda politiet ville ha tak i. Personen som politiet leitte etter var på besøk på Myrane studentheim. Studenten som hadde tatt i mot besøket kjende den ettersøkte frå før, men hadde ikkje noko forhold til vedkomande utover det. Studenten var uvitande om lovbrota mannen var ettersøkt for.

Dette var ein væpna aksjon som verka svært alvorleg på mange. Grunnen til at politiet var væpna var at den ettersøkte var ein kjenning av politiet som tidlegare også har brote våpenlova.Etter at personen vart arrestert vart det gjennomført ransaking, og politiet fann godt gøymde våpen og ammunisjon der den arresterte hadde opphalde seg. Studenten som hadde besøk var heilt ukjend med dette.

Politiet fann vedkomande etter søk og spaning, og ikkje etter tips frå studentar i Volda.

Det er viktig at involverte og uskyldige personar i slike situasjonar vert verna og ikkje utsett for press no i ettertid. Høgskulen og studentsamskipnaden ber derfor om at alle tek omsyn til dette og ikkje spreier rykte eller nører opp under rykte som går om at det var sambuar, kjærast eller slike relasjonar mellom studenten og den arresterte. I slike situasjonar må vi alle vere medmenneske.

 

Prorektor for  Høgskulen i Volda Lidveig Bøe

Direktør for Studentsamskipnaden i Volda Jan Henning Egset

Del på