STiV: Bachmann gjev fra seg roret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

lv_1Etter eit år som leiar i STiV har han funne ut at han ikkje tek attval. Hovudgrunnen til dette er at han ikkje skal vere student ved Høgskulen i Volda neste skuleår. Dermed er det klart at det vert ein ny leiar i STiV etter studenttingsmøtet 31. januar.

Gjort sitt beste
- Det er nok best både for STiV og meg sjølv at eg ikkje tek attval, seier Bachmann. - Eg har gjort mitt beste for å få studentane til å engasjere seg i sin eigen studiekvardag, men det er framleis mykje arbeid som må gjerast på dette området. Eg vonar ho eller han som tek over etter meg gjer dette til ei av fanesakane sine, fortel han vidare.

Lars Vegard nemner den dårlege valdeltakinga ved studenttingsvalet i haust som den største skuffelsen frå perioden som STiV-leiar. - Det bekrefta berre mistanken min om at studentane i Volda anten ikkje bryr seg om studiekvardagen sin, eller ikkje kjenner til kva STiV er og gjer.

Mykje arbeid i periodar
Å vere studenttingsleiar er noko som tek tid. Bachmann fortel at han i periodar har lagt ned så mykje arbeid i vervet som STiV-leiar at han knapt har hatt tid til anna. - Men ho eller han som tek over etter meg treng ikkje frykte, du har eit godt styre å dele ansvaret med når det vert mykje å gjere, seier han med eit smil.

- Eg vil absolutt rå dei som kjenner at dei vil gjere ein innsats for studentane i Volda til å møte opp på studenttingsmøtet på Rokken torsdag 31. januar og ta på seg eit av styreverva som skal veljast på møtet. Eg har ikkje angra på at eg tok ansvar. Det kan kanskje vere eit slit av og til, men det er verdt det, oppmodar han.

Om du vil vite meir om verva som skal fyllast, kan du lese om dei her.

Del på