SiVolda sommarleikar

Studenter som spiller sandvolleyball
SiVolda.no
2024-08-24T13:00:00 - 2024-08-24T16:00:00

Me avsluttar Fadderveka 2024 med ein gøy dag på Årneset!

• Vil du leike, henge eller berre chille?  

• Gira på digg mat og kanskje ei svele?  

• Lyst til å teste gøye aktivitetar?  

• Har du ikkje fått sett vår digge badeplass her i Volda?
 

Det vil vere fleire aktivitetar du kan teste ut. Me får besøk av mellom anna Sunnmørsk klatreklubb, Studenthuset Rokken, Røde Kors, KRIK og VTI m.fl.  

Det er også lov å berre henge rundt og bli kjent med fleire medstudentar!  

Foodtrucken er på plass, det blir musikk og god stemning, Studentnaustet er ope med gratis utlån av SUP, båt og kanoar.  

PS: Det er mogleg å vinne fine premiar!
 

SOMMARLEIKANE blir arrangert av Studentsamskipnaden i Volda og er eit arrangement for alle som er student i Volda.  

Litt sommarregn stoppar ingen her på Sunnmøre,  me set opp telt og fyrer opp bål om vêret ikkje er heilt syden.    
 

VELKOMEN!  

Del på