Rekordår for sosialarbeidarutdanningane

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

a9ecb1406a74206a7f64b1784281367030d756fa

Det har i desse åra vore jamt god søking til studiet, bortsett frå 2008 og 2009, då landet elles også hadde nedgang. Det har vore variasjonar mellom søkinga til sosionom- og barnevernspedagogutdanningane, utan at instituttet har valt å leggje for stor vekt på dette. I år har søkinga slått alle rekordar, melder leiar for institutt for sosialfag, Hallgerd Conradi. Vi såg teikninga alt i sommar. Etter å ha gispa litt etter luft då det låg an til å bli over 170 studentar til dei 100 studieplassane våre, bestemte vi oss for å brette opp ermane og konstatere at dette berre er gledeleg! Vi meiner sjølve at vi har eit godt studium og tilsette med god fagleg kompetanse. Og vi har stort sett nøgde studentar. Men for å greie å ta imot så mange nye studentar, måtte staben styrkast med eit par engasjementstillingar til studentoppfølging og rettleiing. Men eg må vedgå at eg var letta då ikkje alle som hadde teke imot plassen møtte. No er vi «berre» 157 nye studentar.  Kven er dei så? Vi vart nysgjerrige på å finne meir ut av dette, held Conradi fram vidare.

Instituttet har ein erfaren profesjonsforskar i staben, professor Kåre Heggen, og vi bestemte oss for å kartleggje meir om desse nye studentane. Kva førte dei til studiet, og ikkje minst kvifor til Volda? Kvar kjem studentane frå; spelar Volda først og fremst  ei regional rolle som skulestad, eller får vi søkjarar frå heile landet? Og er valet av å verte sosialarbeidar noko som har vakse fram over tid? Dei fleste av dei nye studentane svara på eit spørjeskjema alt dagen etter studieopninga.  No har svara vorte lest inn av Runar Berg ved instituttet, og ein er i gang med å sjå på svara.

Det mest overraskande er kanskje den store geografiske variasjonen i studentgruppa. Alle fylka i Noreg er representerte med unntak av Oppland. 52 prosent kjem frå fylke utanom Møre og Romsdal, flest naturleg nok frå Sogn og Fjordane. Den store geografiske spreiinga kan sjølvsagt ha samanheng med at poenggrensene er lågare for opptak i Volda enn ved ein del andre høgskular. Samtidig tyder svara på at studentane er godt motiverte for studievalet, så vel som for Volda som studiestad. Meir enn åtte av ti studentar seier studievalet var deira førsteprioritet. Som i tidlegare kull, er det overvekt av jenter (79 prosent). Vel seks av ti studentar er i alderen 19-22 år, men her er også dei som er i 30- og 40-åra. Det er også interessant at mange av studentane seier at det er aktuelt for dei å gå vidare med master eller anna vidareutdanning når dei er ferdige med grunnutdanninga si.

Og master- og vidareutdanningar innanfor eige fagområde er det høve til å få tatt også i Volda eller med samarbeidande høgskular. Conradi fortel vidare at denne hausten startar vi opp eit nytt mastergradsemne i barnevern. Emnet er utvikla i nær kontakt med feltet, ut frå det behovet som m.a. er avdekt av Befringutvalet. Med dette emnet har instituttet i alt  tre valfrie emne som kan inngå i mastergrad; rus- og avhengigheitsproblematikk og leiing i helse- og sosialsektoren. Samla sett vil det vere om lag 190 studentar inne i mastergradsløp, somme av desse er med samarbeidspartnarar i m.a. Molde og Haugesund.  Når vi også i år fekk grunnlag for å sette i gong vidareutdanninga  Miljøterapi i demensomsorga, så er aktivitetsnivået rimeleg sprengd.  Samla sett har instituttet om lag 530 studentar  på heil – og deltid. Slett ikkje verst for eit lite fagmiljø som oss, seier ho både nøgd og med ettertanke. Dette forpliktar!  Men kontakten med studentane gir oss også viktige inntak til forskings- og utviklingstema til beste for brukarane. Men at det vert eit travelt studieår, det kan vi nok ikkje leggje skjul på.

Del på