Sette rekord gjennom samarbeid

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentar første dag
Studentane i første undervisningstime torsdag.

Høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund gjekk saman for 15 år sidan og starta opp Ledelse i helse- og sosialtjenestene. Det har vorte ei suksesshistorie der ein har uteksaminert om lag 800 studentar.

Markant auke

Ansvaret for utdanninga går på omgang mellom dei tre institusjonane, med eitt år kvar om gangen. I studieåret 2017/2018 er det Høgskulen i Volda (HVO) som skal vere vertskap for studentane. Då det femtande kullet starta opp i Volda torsdag var det 67 studentar som hadde takka ja til studieplass – noko som er ny rekord i Volda. Det er også ein markant auke frå fjoråret, då 47 starta opp i Molde.

– Dette er eit godt døme på eit samarbeid som verkeleg er berekraftig. Det er gledeleg å sjå den rekrutteringa ein har hatt gjennom 15 år og at ein i Volda no sette rekord for talet på studentar. Det viser at det er eit behov for utvikling av leiarar i helse- og sosialstenestane, sa prorektor ved HVO, Jens Standal Groven, då han stod for den offisiell opninga av studiet torsdag.

Gode verkty og instrument

Helse- og omsorgssektoren er prega av profesjonar med høge krav til sjølvstendig yrkesutøving. Målsettinga med vidareutdanninga er å gi studentane ei innføring i sentrale omgrep innanfor leiing og metodar for å kunne møte utfordringar innanfor helse- og sosialtenesta. Vidareutdanninga går over eitt år og tel 30 studiepoeng.

Studiet skal skape auka forståing for det endringspresset som helse- og omsorgssektoren står overfor, mellom anna gjennom sterkare krav til brukarmedverknad og vekst i talet på private aktørar. Faginnhaldet er organisert i fem hovudtema:

  • Styring, organisasjon og leiing
  • Juss i helse- og sosialtenesta
  • Økonomistyring i helse- og sosialtenesta
  • Personalleiing
  • Endring og leiing

 – Gjennom dette studiet er eg sikker på at kvar og ein av dykk vil få gode verkty og instrument for å drive god leiing, sa Standal Groven til studentane.

Utfyller og lærer av kvarandre

Prorektor med dei ansvarlege for vidareutdanninga
Alf Roger Djupvik (Høgskulen i Volda), Ralf Kirchhoff (NTNU Ålesund), Jens Standal Groven (Høgskulen i Volda), Turid Aarseth (Høgskolen i Molde) og Gunvor Bakke (Høgskulen i Volda).

Prorektoren legg vekt på at samarbeidet mellom Volda, Ålesund og Molde alltid har fungert godt, og at det også vil vere svært viktig i framtida. Noko også dagens og framtidige studentar som tek Ledelse i helse- og sosialtjenestene vil nyte godt av.

– Det er utviklande og nyttig at institusjonane i fylket kan utfylle og lære av kvarandre. Denne vidareutdanninga viser ei god arbeidsfordeling mellom institusjonane.

Del på