32 kvadratmeter studentkunst

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Studentane har arbeidd med bileta i omlag ein månad og dette er ein del av deira eksamen, fortel Karen Brænne. Ho har vore lærar ved biletprosjektet, som studentane på Kunst og handverk har jobba med sidan februar.

- Dei har hatt oppgåva ”Ei minnebok”, som no har resultert i 32 måleri på 1 kvadratmeter kvar, så no har dei laga til saman 32 kvadratmeter kunst, og det er flott, smiler ho.


Nye forteljingar i gamle rom
Utstilling på Volda bygdetun, Haualeite, hadde temaet ”Nye forteljingar i gamle rom” og starta torsdag 15. april kl. 18.00 med vernissasje og offisiell opning for presse og spesielt inviterte.

Fredag, laurdag og søndag var utstillinga open for alle, og trekte over 250 oppglødde kunstinteresserte til bygdetunet.

www.hivolda.no/kunst

 

1_22_1
3_14_1
5_16
78
9

Del på