Dei første med bachelorgrad i musikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Begge har teke musikk grunnfag (100 nivå - 60 stp) og fordjupingsemne i musikk (200 nivå - 60 stp) her ved Høgskulen i Volda (HVO). Bacheloroppgåva (15 stp) må byggje på eit av fordjupningsemna. Studentane formulerer ei problemstilling, og saman med fagleg rettleiar arbeider dei med stoffet over eitt eller to semester.

 

Konsert på Haualeite 14. juni

Anne Marta har valt ei praktisk bacheloroppgåve. Hovuddelen av oppgåva er ein konsert på bygdemuseet Haualeitet i Volda den 14. juni kl. 1900 der Anne Marta vil presentere ulike former for folkemusikk i ein konsertsituasjon. Der vil ho danse, synge og spele fele. Ho har også med seg nokre dansarar. Ho har fått mykje verdfull hjelp frå Jostein Fet og Frode Birkeland på Folkemusikkarkivet ved Høgskulen i Volda.

ba-musikk-meld

Anne Marta Vinsrygg og Gunnar Sigve Aurdal. 

- No vurderer eg å søkje på opptak til mastergrad i kunst og handverk ved Høgskulen i Telemark. Eg har eit mellomfag i kunst og handverk frå HVO frå før. Det gir grunnlag for opptak til mastergradsstudiet i Telemark.

 

Hindemith

Gunnar Sigve har 45 studiepoeng i matematikk, og i år tar praktisk-pedagogisk utdanning (60 stp) ved sidan av bacheloroppgåva. Går det bra på eksamen kan han kalle seg adjunkt.

 

- I bacheloroppgåva mi ser eg på om det er skilnad på komponisten Hindemith og dirigenten Hindemith når han dirigerer sine eigne verk. Eg har teke for meg symfonien ”Mathis der Maler” takt for takt og funne mange avvik mellom partituret og innspelinga. Eg påviser at Hindemith ikkje er særleg tru mot partituret sitt. Eg tolkar dette i retning av at han ikkje var nokon stor dirigent, ler Gunnar Sigve.

 

- No søkjer eg lærarjobbar her i området. Eg har også søkt opptak til ein master i musikk ved Grieg-akademiet ved Universitetet i Bergen, avsluttar Gunnar Sigve Aurdal.

 

Andre bachelorkonsertar

Tysdag 15. juni kl. 1800: Astrid Rabben med ”I got rythm”. Moderne amerikansk pianomusikk. Kaarstad-huset, aud. BC.

 

Tysdag 15. juni kl. 2000: Audhild Haddal Holsvik presenterer ulike kvinneroller i operalitteraturen. Kaarstad-huset, aud.  

 

Del på