Dokumentarfilmfestivalen brakar laust

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

For  berre 20 kr byr me på eit tettpakka program frå 21. - 25. april med omlag 70 norske og internasjonale dokumentarfilmar laga av både profesjonelle filmskaparar og studentar, melder styret på www.dokfilm.no.

Kjendisfest
I tillegg vert det seminar og debattar. Mellom anna kjem Margreth Olin for å snakka om korleis ho lagar dokumentarfilm.
I år vert det også for fyrste gong arrangert eit Pitche-forum som er ope for publikum. Ti utvalde ferske regissørar frå dei største film og TV-utdanningane i landet får sjansen til å selje sin dokumentaridé for eit panel med representantar frå NRK, TV2, Filmfondet og Norsk Filmutvikling.  

Brakjar i brokja
To av medlemmane i Side Brok har laga årets festivalsong som dei kjem for å presentere på den offisielle opninga av festivalen på torsdag, trønderbandet John Doe skal rocke kroa på fredag, og på laurdag vert det folkefest i sentrum på dagen og DJ Cavaler og DJ Espen som snurrar plater på kvelden. Velkomen til Volda.

dokfilmlogo

Del på