Gled seg til Vinteraktivitetsveka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

vinterakt04_400

Kristine Olsvik (19), Helge Edinsen (21) og Kai Henning Leira (19) frå årsstudium i  Kroppsøving ved Høgskulen i Volda.

- Vi får lære masse, håpar Kristine Olsvik. Saman med over 90 instruktørar frå Høgskulen i Volda, Møre folkehøgskule og idrettslinja ved Stranda vgs. skal ho vere med på å gi deltakarane ei triveleg kursveke med aktivitetar tilpassa deira ulike føresetnadar.

- Meir enn 100 deltakarar og 80 medhjelparar skal ta del i aktivitetar som passar deira behov. Alt frå snørafting, til klatring, hundespannkøyring og vassgymnastikk står på programmet, seier leiar i styringsgruppa, Mette Melve frå Vestnes kommune, som er ein av samarbeidspartnarane saman med Høgskulen i Volda, Møre folkehøgskule, ISF-Møre og Romsdal og Strands vgs. Denne veka var dei samla saman med alle instruktørane ved Høgskulen i Volda.

vinterakt04_400_styringsgru

Styringsgruppa: Olav Aasen, Svein Arnesen, Mette Mjelve, Øyvind Hagen, og Rune Krumsvik.

Tilpassa opplæring
- Tilpassa opplæring er ein av grunnpilarane i prosjektet, og dette prinsippet er også svært viktig for alle studentane som er instruktørar under kursveka. I deira framtidige lærargjerning vil dei møte ein skulekvardag som nettopp er tufta på likeverd, tilpassa oppæring og inkludering, fortel Rune Krumsvik ved Høgskulen i Volda.
- Kursveka har som siktemål å gi deltakarane ei opplevingsrik og triveleg kursveke, og prøve å stimulere til auka motivasjon for det å vere i fysisk aktivitet. Dette vil bli gjort gjennom ei rekkje aktivitetar som spenningsorientert friluftsliv, skikurs, turar i skog og mark, leik, dans, isfiske, hundespann, kanefart og natursti.

Du kan lesa meir på Vinteraktivitetsveka sine heimesider.

 

Del på