Høgskulekoret framfører John Rutters Requiem

Tekst: Webmaster Volda

Med seg denne gongen har dei Frostskoddekoret frå Stryn og profesjonelle musikarar på fleire instrument; orgel, fløyte, obo, cello, harpe (synth), klokkespel og pauker. Fleire av instrumenta opptrer solistisk og er på den måten med på å framheve den spesielle stemninga i kvar sats.

Irene Løvoll, musikkstudent ved høgskulen i Volda, er sopransolist, og i dette verket får ho svinge seg mot dei store høgder. I tillegg til Requiem får vi høyre tre songar med Høgskulekoret åleine, også desse er komponerte av John Rutter. Organist Cor de Jong lovar oss også engelsk orgelmusikk som innleiing på heile konserten.

tenorgruppa

Tenorgruppa i Høgskulekoret.

Høgskulekoret er for tida inne i ein periode med stor aktivitet. Rutter-konserten skal gjennomførast i Stryn dagen etter, og så reiser koret vidare til Nordkor-festivalen i Holbæk i Danmark, der dei skal delta på fleire konsertar.

Del på