Internasjonale elevar på besøk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Elevane har stor nytte av å sjå korleis ein høgre utdanningsinstitusjon fungerer, seier Hanne Haugen ved Møre folkehøgskule. Dei internasjonale elevane får oppleve nok ein bit av Noreg, og eit av alternativa som kan vera tilgjengelege for dei som vert att i landet.

besok400

Aiuel (18) frå Sudan, Prince (18) frå Liberia og Nyiguwo (22) frå Sudan.

Utvekslar erfaringar med studentane

- I dag får vi utveksla erfaringar med dei internasjonale studentane som studerer Norsk for utanlandsstudentar (NUS) ved Høgskulen i Volda, fortel Prince vidare. Han er frå Liberia, og har no vore i Noreg i eit år.
- Eg veit ikkje om eg kjem til å studere her, fortel Prince, som seier at han eigentleg vil verte sivilingeniør.

Fleire startar med Norsk for utanlandsstudentar, fortel internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen ved Høgskulen i Volda. Studiet skal bur studentar med utanlands bakgrunn på norsk språk og samfunnsliv før eventuelle andre studium.

Opplevingar i Volda
I kantina ved høgskulen gjer dei oppglødde folkehøgskuleelevane seg klare for å møta høgskulestudentan att.
- Vi har førebudd fem spørsmål kvar, og vil snakke litt om korleis opplevingane vår i Noreg, seier Aiuel og Nyiguwo frå Sudan.
- Kanskje vi kan gå her ein dag, seier dei smilande elevane. Drama eller song ville vere kjekt.

Meir besøk
På oppfordring frå fleire skular har vi sett i gong ei eiga besøksteneste ved Høgskulen i Volda, fortel førstekonsulent Torill Engeseth. Vi kan setje saman eit opplegg som passar dei som kjem. Anten det er elevar i vidaregåande skule eller folkehøgskule kan vi setje saman ulike foredrag frå fagleg tilsette eller andre opplevingar og møte med studentar og deira kvardag.
Les meir på www.hivolda.no/besok

Del på