Musikkstudentar syng seg til Kalmar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Marina1
Marina Tumanova (23) er opphavleg frå Kviterussland, men studerer engelsk ved Lithuanian Christian College. Dette semesteret har ho teke ei pause frå engelsken, og går på musikk i Volda.


Denne veka reiser ho saman med sine medstudentar i musikk til Kalmar i Sverige for å vitje Högskolan i Kalmar. Fredag og laurdag skal studentane frå Volda halde konsertar.
- Vi skal synge mellom anna kyrkjemusikk på svensk, fortel Marina med eit smil. Det vert ei utfordring for meg sidan eg ikkje kan svensk.

Musikkstudent i Volda
Marine søkte seg til Volda i fjor sommar – og fekk JA!
- Eg vart umåteleg glad! Marina fortel ivrig om møtet med Volda. - Kari Anne Feskjær, tidlegare internasjonal koordinator ved høgskulen sende meg norskkurs på kassettar, i tillegg til ein del litteratur om Noreg. Eg øva saman med kassettspelaren og lærte meg litt uttale. Då eg kom med nattbussen etter nyttår i år, vart eg verkeleg godt motteken. Det var mørkt om morgonen, og etter alle lysa og døme, såg det ut som ein stor by. Volda viste seg å ikkje vere nokon stor by, men her er veldig koseleg. Alle er så utruleg trivelege, medstudentar og tilsette ved høgskulen hjelper meg med alt. Det er kjempegodt å vere her, skryt ho av Volda.
- Eg måtte ha øyrene opne for å få med meg det folk sa. All undervisning er på norsk, men no går det heilt fint, smiler ho.
- Studiet er svært variert, fortel Marina. Vi lærer om mellom anna om alle musikktypar, om historie og får eit godt forhold til fleire typar instrument.

Marina2
Marina før ho reiser til Kalmar på kor-tur.


Spelar fiolin i symfoniorkesteret
- Eg har lyst til å verte artist. Eg føler meg som ein artist, fortel Marina. Ho lærte å spele fiolin gjennom musikkskulen heime, og øver no Marina saman med symfoniorkesteret i Volda.
- Då eg kom hit hadde eg gløymt mykje, men eg vert inspirert av at medstudentane mine øver så mykje, seier Marina og lêr.
Men helst vil Marina synge.
- Musikal- og teaterstudiet ville vere draumen. Eg må tilbake til Litauen for å fullføre engelsk og psykologi, men etterpå kan eg kanskje søkje meg tilbake til Noreg, seier ho.


Høyr Marina synge Mtoto usilije, ein song på Swahili.
Teksten seier:
Child don’t cry,
Your mother will come,
And she will bring you a banana.

Del på