PedagogStudentene arrangerer MOT-seminar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi vil gjerne fokusere på haldningsskapande arbeid mellom unge, seier dei entusiastiske studentane ved førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

forskulePed

Styret i Pedagogstudentene i Volda, Sonja Selberrik, leiar Vibeke Arhaug, Marta Bøstrand og Silje S. Saure.

Førstkomande måndag inviterer dei til MOT-seminar i Store Auditorium på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda klokka 16.30.

Fokus på barn og unge
- Vi oppmodar alle om å møte opp, seier dei. Det er gratis, og svært interessant for fleire enn berre pedagogstudentar.
- Det vert ein innhaldsrik kveld, der MOT-instruktør Ronny Hansen vil halde foredrag om mellom anna det å skape eit varmare og rikare miljø for barn og unge.

MOT ei ideell , landsomfattande stifting som jobbar for førebygging av vald, og rusmisbruk, mobbing. Bevisstgjering av barn og unge i eit miljø som gjer menneska verdifulle og betydingsfulle for kvarande krev MOT, forklarar Vibeke.
- Ha MOT til å møta opp måndag, smiler ho til slutt.

- Ja, forresten, skyt Vibeke inn før ho går... - Fleire av oss i styret er ferdige med studiet, så det hadde vore fint å koma i kontakt med studentar som er interesserte i å vera med vidare! Ta gjerne kontakt.

Del på