Studentane feirar nytt studenthus!

Tekst: Webmaster Volda

Stor feiring i kantina fredag

- 25. mars vert ein merkedag for Volda som studiestad, seier også Kaspersen i Studentsamskipnaden.
- I morgon brakar festen laust i kantina i Berte Kanutte-huset klokka 11.30. Alle er hjarteleg velkomne!

- Dette er eit kjempeløft for Volda som studiestad, strålar leiar i studenttinget, Ingelill Lanto.
Mangelen på eit skikkeleg studenthus har vore eit problem. Men no har vi endeleg fått ei løysing, kommenterer ho.

Styrker Volda som studiestad

- Styret og administrasjonen i Studentsamskipnaden har lenge jobba med denne saka, og er svært glade for å ha funne ei løysing som vil fremme og styrke studentkulturen i Volda og studiestaden Volda på kort og lang sikt, seier Kaspersen.
- Føresetnaden for kjøpet er at delar av eigedomen kan omdisponerast til studenthusføremål, forklarar Kaspersen.
- Før Volda kommune kan handsame ein slik søknad, må ein plan for utnytting av heile eigedomen føreligge. Den delen som ikkje vert utnytta til studentføremål planlegg Studentsamskipnaden å leige ut til andre næringsdrivande.

Studenthuset kan opne i 2005

Dersom prosessen med bruksendring og ombygging går etter planen, vil studentane i Volda få ferdig det nye studenthuset til veka 2005.

Framleis med i kompetansesenteret

Studentsamskipnaden vil framleis vere deltakar i arbeidet med å utvikle Kompetansesenteret Nordvest i Volda og vil seinare ta stilling til arealbehov i dette senteret.

Del på