Studentane kårar favorittlærarane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Bjarte Alme frå mediefag, Ingun Klepp frå samfunnsfag, Kjell Holby frå humanistiske fag og Gerd Sylvi Steinnes frå lærarutdanninga er studentane sine favorittar, røpar Bjørnerheim frå Studenttinget i Volda.

Fine kommentarar

- Etter mykje ryssdalfokus, har vi no sett på lærarane si rolle i studentkvardagen, seier han. Lærarane er studentane sine primærkontaktar ved høgskulen, så deira innsats betyr mykje.

- Vinnarane har fått mykje ros og fine kommentarar knytt til seg, og gjort ein flott jobb, kommenterer Bjørnerheim vidare, så vi håpar at kåringa av favorittlærarane kan inspirere kollegia.

- Det er lov å prøve å hoppe etter Wirkola, smiler han til slutt.

STIVinfomann


 

Del på