Studentar frå Volda opplever verda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Med kurs for Australia har dei stoppa i Malaysia og Singapore før det seks vekes lange studieopphaldet ”down under”. No har ferda gått vidare til Hong Kong og Hiroshima, der dei har møtt lokalbefolkninga og hatt forlesingar og sightseeing.

Etter opphaldet i Asia skal studentane vidare til Carins i Australia før dei tek til på resten av opphaldet i Australia og er ventande heim til Noreg ved juletider.

10674294351067429445

Studiet går inn som 30 studiepoeng i ein bachelorgrad og høver for alle studentar ved HVO, som har minst eitt års studium ved HVO bak seg. Planen er at dette studiet skal bli eit årvisst studium, så følg med for neste utlysing.

Del på