Studenttingsval: Engasjement og valdeltaking er også høgskulestyret sitt ansvar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1065184868

- Eg er ikkje direkte misnøgd med valdeltakinga, kommenterer leiar i Studenttinget i Volda (STIV), Kristina Strømmen. (2. informasjon).
- Utfordringa ligg i at vi ikkje fekk rekruttert nok kandidatar til å fylle alle plassane. Det tyder at alle som stilte til val fekk plass. Sjølv om dette då ikkje vart eit reelt val, syner interesserte studentar likevel si støtte til kandidatane, konkluderer Strømmen.

Reduserte talet på representantar
- Det som er heilt nytt i år er at tinget er mindre. I vår endra vi vedtektene, og reduserte talet på  representantar frå 32 til 21, forklarar Strømmen.
- I tillegg er fire av representantane i studenttinget frå studentråda i avdelingane. Men sidan vi ikkje fekk fylt alle plassane, har det vore diskutert å gjennomføre eit suppleringsval for å fylle sju plassar som no manglar representasjon, seier ho.

Høgskuleleiinga må ta større ansvar
Høgskulestyret også fått sine to studentrepresentantar. David M. E. Boudville (2. journalist) vart attvald, medan Camilla Auflan Vik (historie) er ny i høgskulestyret.
- Vi har ikkje vararepresentantar til høgskulestyret, noko som sjølvsagt kan svekke studentane sin representasjon, fryktar Kristina Strømmen. I tillegg manglar studentane representantar i avdelingsstyra ved Avdeling for lærarutdanning,  Avdeling for samfunnsfag og Avdeling for humanistiske fag.
- Dette heng saman med den kontinuiteten som må ligge i organet. Høgskulestyret med rektor i spissen må vere med på å skape ein kontinuitet i tinget der ein legg til rette for dei rutinane som skal til for å auke både deltaking ved val og engasjement frå kandidatar.

Korleis auke deltaking og engasjement?
- Når det gjeld valdeltakinga, kan denne aukast, held Kristine Strømmen fram. Dersom studentane ser at deira representantar har påverknad i styra ved høgskulen, ser dei at det nyttar å engasjere seg. Då må studentane vere sikre på å verte høyrde, samstundes som representantane får overskot til å ta del i det friviljuge arbeidet, seier ho, og viser til mellom anna forslaget om kompensasjon i form av studiepoeng for aktuelle verv.

Rektor: Desentralisert val?
- Vi innser at deltaking og rekruttering av kandidatar er ei utfordring, kommenterer rektor Gunnar Stave.
- Eit alternativ er å desentralisere valet. Urna kunne kome til studentane, i staden for at studentane må finna urna.
- Studentane kunne stemme der dei er på campus. I staden for å finna vegen til kantineområdet, kunne studentane avleggja si stemme i klasserom, fellesrom eller rett og slett på sine sider på HVO-veven.
- Arbeidet med representasjon i styra er mykje arbeid for studentane, så vi vil arbeide for å gjera desse oppgåvene lettare. Større merksemd før valet, saman med ressursar til både å rekruttere kandidatar og auke valdeltakinga er absolutt noko vi vil arbeide for, sluttar rektor.

Del på