Til Bergen på viktig oppdrag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Mot nye horisontar
Høgskulen i Volda fekk i haust førespurnad om å dekkje FLL tevlinga ved å ha ansvar for videoproduksjon og web-casting under regionsfinalen i Bergen.
Studieleiinga såg dette tilbodet som ei passande utfordring for studentane i andreklassa på MID.

Fleirkameraproduksjon er heilt nytt for dei fleste, og mykje øving må difor til før studentane er rusta til å reisa til Bergen. Studentane skal filme konkurransen slik at publikum i salen kan sjå tevlinga på storskjerm. Samstundes skal det heile ut på nett, slik at alle som ynkjer kan følgje oppgjeret, kvar enn dei er.


Kva er FLL?
FIRST LEGO League er ei teknologiturnering for born og unge i alderen 10-16 år. Kreativitet, samarbeid, design, stå-på vilje, teamånd, entusiasme, markeringsvilje, leik og læring er sentrale element i FLL.

1068196367

Borna som skal delta i FLL har i den siste tida bygd legorobotar, som dei har programmert til å utføre ulike oppgåver, med bakgrunnskunnskap som dei har mellom anna frå matematikk og naturfag.

Spennande utfordring
Dei fire siste vekene har MID-studentane arbeida på heiltid med FLL-prosjektet. Det har vore ei spennande utfordring for klassa. Dei fleste har fått eit eller to problem å bryna seg på og har i løpet av tida vorte ein del erfaringar rikarar.


- Dette er ei god moglegheit til å få prøva noko nytt, seier Steinar Bjørnerheim, ein av deltakarane på oppdraget.

Me ynskjer studentane våre lukke til i Bergen!

Sjå konkurransen "live" på nett!


 

Del på