Vellukka studietur i kriminalitetsførebygging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi har ein fantastisk studietur til Swansea i Wales og Wales University, skriv Djupvik på e-post som er på ekskursjon saman med mastergradsstudentane i Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv på øya i vest.

- Velrenommerte kriminologar og representantar frå praksisfeltet har gjeve oss gode førelesingar, så dette har vore ein suksess, skriv Djupvik. Vi har vore på vitjing i ulike fengsel, på ein lokal politistasjon og på vitjing i organisasjonen "Safer Swansea".

Impulsar frå kollegar i utlandet er svært viktig for studentane, som kan relatere sine erfaringar og problemstillingar til det dei lærar her, fortel han.

Swansea3_400

Høgskulen i Volda satsar på meir samarbeid i Wales

Justisminister Dørum var ein av bidragsytarane til opplegget, og uttrykte kor viktig slike studier er.

Internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen, som også tok del i ekskursjonen, fortel at i tillegg til fleire praksisplassar for sosialfagstudentar har Høgskulen i Volda også fått i hamn Erasmusavtalar med universitetet i Swansea, som vil komme fleire av miljøa i Volda til gode.

Swansea1_lavSwansea2_lav
Swansea4_lavSwansea5_lav
Swansea6_lavSwansea7_lav

Relaterte saker:
Krimprevensjon :: aktuelt seminar.
Høgskulen i Volda går i gong med vidareutdanning i kriminalitetsførebygging.

Dørum sponsar studentar i Volda

Mastergrad i Samfunnsplanlegging

Sjå også flygeblad i pdf-format

Del på