Ledige verv i Høgskulen sine råd og utval

Vi skal velje nye studentar inn i Høgskulen sine råd og utval! I utvala har studentane ei viktig stemme inn i dei styrande organa til Høgskulen.

  • Du må ikkje vere medlem i Studentparlamentet for å ta på deg eit verv i eit utval.
  • Dei fleste verva er honorert etter statlege satsar, 518 kr per time.
  • Valet av studentrepresentantar blir gjennomført på første møte i Studentparlamentet, 12. oktober kl 17.00 på Rokken.
  • Lenke til kalenderevent og facebook-event 

Liste over dei ulike utvala med studentrepresentasjon

Utdanningsutvalet - utvikling og kvalitetssikring av studieprogram og studieportefølgje

Internasjonalt utval - internasjonalisering og utveksling 

Læringsmiljøutvalet - studentane sitt læringsmiljø

Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskingsstillingar (TUFO) - tilsetjing av fagleg tilsette

Nemnd for studentsaker - handsaming av klage- og fuskesaker 

Skikkanemnda - vurdering av studentars skikkaheit til yrket 

Valstyret - val av høgskulestyre og rektor

Forskingsutvalet - forsking, formidling og utvikling 

Miljøfyrtårn arbeidsgruppe - ivareta sertifiseringa høgskulen har som Miljøfyrtårn 

 

Du kan lese meir om dei ulike utvala her: