Styret i SiVolda

Studentsamskipnaden i Volda, SiVolda, er ein stor ideell velferdsorganisasjon for studentane. SiVolda har ansvar for alt frå Studenthuset Rokken, studentkantine, studentbustader, studentbarnehage, helsetilbod, samtaletilbod og mykje meir. 

Vi skal no velje nye studentmedlemmar til styret for studieåret 2023-24, tre faste medlemmar og tre varaer. Som medlem i styret, får du erfaring med å leie ei stor bedrift, og bidreg til å vidareutvikle studentvelferda i Volda. Styrevervet er betalt. Studentane har fleirtal i styret, og overskotet i bedrifta går tilbake til studentvelferda.

Meir informasjon om styret i SiVolda

  • Ca. 6 møter i året
  • Kursing i styrearbeid blir gitt
  • Medlemmar i styret blir honorert 
  • Studentane i styret blir valde av Studentparlamentet 
  • Du blir valt for perioden 1. august 2023 - 31. juli 2024
  • Styret består av tre studentar, ein tilsett frå Høgskulen og ein tilsett frå SiVolda
  • Møtespråk og sakspapir er på norsk
  • Du må vere registrert student i Volda for å inneha styreverv i SiVolda

Les meir om SiVolda på nettsidene deira.