Den Norske Dokumentarfilmfestivalen opnar i kveld!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den Norske Dokumentarfestivalen vert arrangert for trettande gong i år, og er den største og eldste dokumentarfilmfestivalen i Noreg. Kvart år kjem det tilreisande frå inn- og utland for å oppleve den spesielle Dokfilm-stemninga. Til festivalen i år er det venta over 2000 deltakarar.

Frå alle verdshjørne
Under festivaldagane vert det vist dokumentarfilmar frå heile verda. Om lag førti studentproduksjonar står på programmet, og det har blitt ein viktig del av festivalen. Filmane bringer forteljingar frå alle verdshjørne, men i år er det ekstra fokus på norsk film.

– Årets opningsfilm, "Heimegutar", er ein dokumentar om den lokale rapgruppa Side Brok frå Ørsta. Det er mange kreative sjeler på Sunnmøre, og meir filmproduksjon skal det bli, seier Susann.

a762ac60a90dfbf292ea80e2f09c91863a105ad0
Susann håper det gode vêret held fram, og at den gode Dokfilm-stemninga kjm til sin rett. (Foto: Sindre Haugen Mehl)

– No gler eg meg til å treffe alle gjestar og deltakarar. Det er klart for festival. Vi har jobba beinhardt dei siste dagane, og no håper eg at mine medarbeidarar kan slappe av. Dei har gjort ein kjempe jobb. Det er framleis ein del som gjenstår og som skal skje dei kommande dagane, men inn i mellom trekk vi pusten og kjenner på den gode stemninga.

Susann har ei oppfordring til publikum dei neste dagane.
– Les programmet godt, spør oss om det er noko du lurer på og kos deg på festival!

Du kan lese nyhende og programmet for festivalen på www.dokfilm.no.

Del på