Internasjonalt animasjonsprosjekt i Volda denne veka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

84bacb7fec8a0521c35172ea2d6938f9c168ab33

I år er det berre fire institusjonar i Noreg som har fått tildelt eit IP-prosjekt fortel Wilhelmsen og er stolt over at Volda har klart å få to av desse. I tida 26.04. - 10.05 har vi "Acting for Animation" og i midten av juni "Arts in Education".

Høgskulen i Volda har koordineringsansvaret for prosjektet, men samarbeider tett med University of Glamorgan i Wales og Estonian Academy of Arts i Tallin. Studentane er i kryssinga mellom avsluttande bachelorgrad og mastergrad, og kjem frå ni ulike land. Prosjektleiar ved Høgskulen i Volda er Gunnar Strøm, og med seg på laget har han animasjonsguru Andres Mänd ved animasjonsutdanninga i Volda.

Prosjektet handlar i første rekke om å bygge kontaktar mellom animasjonsskular i Europa for å auke samarbeidet, og er eit eit viktig ledd i det å vidareutvikle animasjonsutdanninga i Volda.

Animasjon og skodespel

Ideen til temaet er eigentleg unik. Det er vanleg å tenke at inne i ein kvar animatør finns det ein skodespelar, men animatøren er på ein måte for sjenert til å stå fram som skodespelar sjølv. Difor er dei skodespelarar gjennom animasjonane dei lagar.

Skodespelarbiten av det å produsere animasjonsfilm har tradisjonelt vorte mindre vektlagt enn både design og historieforteljing. Figurane i animasjonsfilmane verkar som skodespelarar, medan det eigentleg er animatøren som er skodespelaren. Dette ønskjer prosjektet å gjere noko med og utfordrar altså animasjonsstudentane til å sjølve  å vere skodespelarar.

18c29887e2e14f7654966e7e3093ea8abbd399c1

Internasjonal animasjonsstjerne

– I tillegg til ein solid lærarstab har vi invitert med oss Robert Bennett, fortel Wilhelmsen på Internasjonalt kontor. Han er eigentleg pantomimeskodespelar, men har spesialisert seg i skodespel i animasjon og for animatørar. Ein annan bidragsytar er Andy Joule frå University of Creative Arts i Sussex, England.

Første veka arbeidde studentane med kroppsspråk saman med Robert Bennett og spelte skodespel sjølve. Denne veka animerer dei dokker under leiing av Andres Mänd. Dei andre lærarane assisterer og har førelesingar med døme på  filmar rundt tematikken ”Acting for animation.”

– Engasjementet og entusiasmen mellom studentar og lærarar er fantastisk. Dei internasjonale gjestane er supernøgde og det herlege vårveret legg ikkje nett ein dempar på entusiasmen, seier Wilhelmsen. Ho legg til at HVO alt har søkt om å få vidareføre prosjektet komande år, og at ein alt kan se føre seg fleire positive ringverknadar av prosjektet.

Framsyning for publikum fredag kl. 18.00 i Store BK auditorium

I tillegg til tett program ved høgskulen,  har det også vore tid til sightseeing på Hjørundfjorden og besøk på Trandal. Førstkomande fredag vil dei involverte syne ein del av produksjonane sine, og publikum er særskilt inviterte til Store Berte Kanutte Aud. fredag kl. 18.00.

c735fff6a7e909ab82e38768dd72d163ce8274a9

Del på