Karrieredagane: Høgare utdanning i TV-program

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9a92c7d69a4d4d67456ab26aaaaf9a87b96e8200
Andreklassingar frå Media, IKT og Design har regien på TV-programmet som skal presentere høgare utdanning i Møre og Romsdal. Bilde er frå Karrieredagane 2012. 

Studentar ved Media, IKT og Design skal stå for ein fleirkameraproduksjon som presenterer mogelegheiter innanfor høgare utdanning i fylket. Elevane tek plass i eit nyopp-pussa auditorium på Kaarstad-huset, som for anledninga fungerer som TV-studio. Her blir dei introduserte for dei tre høgskulane i fylke og kva utdanningsmogelegheiter som fins der. Det blir filma frå høgskulane sine stands i naborommet der det vil foregå forskjellige aktivitetar som elevar blir henta ut frå salen for å delta på. Dette blir sendt direkte på storskjerm i auditoriet.  

─ Dette blir ein ny og spennande måte å vise fram kva høgskulane i fylket har å by på. Elevane kjem tett inn på det som føregår på stand, noko som har vore vanskeleg dei tidlegare åra, seier Eirik Bech som er ein av representant frå HVO i partnarskapsgruppa for Karrieredagane.

EIN SMAKEBIT PÅ MOGLEGHEITENE

Arrangementet gjer det mogleg for vidaregåande skular, opplæringskontor, høgskular og arbeidsliv i privat og offentleg sektor å vise seg fram til årets 10-klassingar.

─ Intensjonen er at elevane skal få smakebitar på utdannings- og yrkesvegar i fylket, seier Torill Engeseth som er koordinator for Karrieredagane ved HVO

Elevane skal innom mange postar og får prøve ulike praktiske yrkesaktivitetar. Arrangementet vil foregå på Berte Kanutte-Huset, og andre stader i høgskuleområdet og i Voldahallen.  

– Det er i år det mange påmeldte opplæringskontor som igjen vil vise eit utval av sine medlemsbedrifter. Det vil difor bli meir praktisk aktivitet enn før, fortel Engeseth.

ELEVAR HJELPER TIL

Under opninga begge dagane vil elevar frå Musikklinja ved Volda vidaregåande skule stå for underhaldninga. Ørsta vidaregåande skule skal ha ansvar for rigging og rydding, samt matservering.  Volda og Ulstein vidaregåande skular stiller med guidar, som skal leie  gruppene av elevar til dei ulike postane på arrangementet.

PARTNARSKAPEN

Karrieredagane er i år planlagt og organisert av ei partnarskapsgruppe med desse medlemmane: Jan Thormodsæter (Maritim forening Søre Sunnmøre), Oddvor Hovden (NAV), Anne Mari Pilskog (Opplæringskontoret i Hareid), Heidi Åmbakk (Ørsta ungdomsskule), Ann Turid Andersen Egset (Ørsta vidaregåande skule), Bård Ringstad (Ulstein vidaregåande skule), Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule), Erlend Krumsvik (Rådmann i Herøy kommune), Eirik Bech (Kontor for etter- og vidareutdanning, Høgskulen i Volda) og Torill Engeseth (Høgskulen i Volda og koordinator for Karrieredagane Søre Sunnmøre).

KARRIEREAVISA 

I samarbeid med Regionavisa og StudiebygdA er det også i år laga ei eiga utdanningsavis i tilknyting til arrangementet. Avisa blir distribuert i eige opplag til deltakarskulene, og blir å finne som innstikk i Regionavisa.

Del på